Julelegender:2015 – i Stavanger og Haugesund

God forteljing, god musikk og overraskingar – i Stavanger og Haugesund. Kjøp billettar her.

7.12.2010

Kjøp billettar her

Stavanger, søndag 20. desember 2015 kl. 18 • Frue kirke (Hetlandskirken)
Stavanger, mandag 21. desember 2015 kl. 20 • Frue kirke (Hetlandskirken)
Haugesund, torsdag 17. desember 2015, kl. 1930 • Kulturkirken Skåre

>> eller ring tlf. 51 53 70 00.

Konsertfortelling

På sjuande året inviterer Kjell Inge Torgersen til si kritikarroste forestilling. Kvart år inneheld forestillingane ny musikk eller ny fortelling – og i år: ny julefortelling og ny låt. Julelegender har blitt ein tradisjon for mange. Ein stad å senke skuldrene, ta med familie og vener for å høyre ei god historie og ny og kjend musikk som høyrer jula til.

«Befriende julestund»

Stavanger Aftenblad har tidlegare kasta fleire terningkast 5 for forestillingane og kalt dei ein "befriende julestund" og "dristige tolkningar". Mange begeistra tilbakemeldingar har kome frå publikum etter utselde forestillingar.

«Han deler ekte julestemning med oss. Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar – og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant.» (Moster Amfi)

I Stavanger speler me i den flottaste trekyrkja i sentrum, Frue kirke (Hetlandskirken, bak Stavanger Tinghus) – og i Haugesund speler me i ærverdige Kulturkirken Skåre. Begge er vakre trekyrkjer med utsøkt akustikk.

Conventor produserer lys og lyd.

Musikarane

Gitarist og arrangør Aril Schøld leier eit opplagt ensemble med Bjarte Mo frå SSO + "Asgeir & Mo", samt multimusikaren Karl-Dag Kjosavik på kontrabass, tangentar og kor. Dette er eit vesentleg større ensemble enn i forestillingane i Bispekapellet ? og ei rikare musikalsk og tekstleg oppleving.

 

Meir i kategorien aktuelt