Den som gir – singel 1.5.2026

Den som gir blei lansert 1. mai 2026. Omslagsdesign: Kjell D. Ramsdal. Foto: Stig Håvard Dirdal (oppgje alltid fotografens namn ved bruk)

 

Fjerde singel

Den som gir er fjerde singel frå kommande album «Månefall», og årets andre. Samarbeidet med produsentane dal'Hansen – Ruben Dalen og Stian S. Hansen – fortsetjer og teiknar ei fin line frå  Mudderlys-albumet og Fingen.

"Fortsetter å skape suggererende pop" skriv plateselskapet 

Det blir eg smigra av – og dei skreiv det heilt utan at eg spurte dei om å bruke akkurat dét ordet. Men du får gjere deg opp di eiga mening. Så sjekk han ut ved å trykke på knappen over. 

Nokre låtar blir til på timar, andre tar år. «Den som gir» var ein av dei eg stadig vendte tilbake til, utan heilt å komme i mål. Det var først i møte med produsent Ruben Dalen at låta løsna. Ein enkel akkordprogresjon, introdusert frå start, bærer heile uttrykket. Den lange prosessen har gitt låta ei eiga nerve, der fortellinga gradvis beveger seg frå det fjerne og inn mot kjerna:

Kven er eg?

På ein himmel såg eg
på ein himmel uden sky
som i sirkel såg eg
månen spotta meg på ny

Håndå mi va kalde
kroppen skjelvande og rar
og månens bleike skalle
her nedi brønnen bar

Eg nådde botnen
de slukka månen
då de la på låg

(Les heile teksten her)

 

 

Meir frå kategorien musikk