Julelegender er tilbake!

Etter eitt års pause, er Kjell Inge Torgersen tilbake med Julelegender:2018. Nyt ei god førjulshistorie, ny og kjend musikk – i sjølvaste Bispekapellet!

Kjøp billettar her

Bispekapellet: 17., 18. og 19. desember, kl. 18 og 20.

>> eller ring HAVANAMAGASINET, tlf. 51 89 49 70

Endeleg tilbake

Etter eitt års opphald og plateslepp, inviterer Kjell Inge Torgersen til nye Julelegender – ei skuldersenkande og annleis juleoppleving. I år går han tilbake til der alt starta i 2009, til Bispekapellet, dette vesle konserthuset med utsøkt akustikk og særeigen stemning. Julelegender har sidan blitt mange forestillingar både i Stavanger og på reise til mange stader i landet. Også albumet "Julelegender" (2011) kom ut av desse forestillingane og resulterte både i opptreden på sjølvaste Kvelden før Kvelden på NRK, og i A-listing på NRK P1 med låta "Stjernenatt".

Gitarist og arrangør Aril Schøld står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene.

Tradisjon – og overraskingar

Sidan 2009 har mange legender blitt fortald, og jula er også ei tid for overraskingar. Så i år blir det ny, god historie, i skikkeleg Julelegender-tradisjon.

«Befriende julestund»

Stavanger Aftenblad har tidlegare kasta fleire terningkast 5 for forestillingane og kalt dei

...ei "befriende julestund" med "dristige tolkninger".

Mange begeistra tilbakemeldingar har kome frå folk etter utselde forestillingar. Moster Amfi seier:

«Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar – og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant.»

Julelegender har blitt ein tradisjon for mange – og er noko meir enn ein vanleg julekonsert. Familie og vener får her høyre både ei god historie, og ny og kjend musikk som høyrer jula til – nesten som i eit visuelt radioteater.

Velkommen til årets Julelegender!

 

Forestillinga er eit ein produksjon av tt.music, i samarbeid med Grafo trykkeri.

 

 

Bilete

Plakaten til Julelegender'18
Plakaten til Julelegender'18

Meir i kategorien aktuelt