Turné til Nord-Noreg i august: Tromsø, Salangen, Narvik, Harstad

Kjell Inge Torgersen kjem til Nord-Noreg! Det er nå 32 år sidan Kjell Inge var her sist som ung mann – og det er stor stas å få komme tilbake for å gjere konsertar, denne gong med både kjent stoff og nytt stoff.

Eg besøker denne gongen kjerker, eg kjem åleine og eg innbyr til ein intim time med berre meg, gitaren og pianoet – og tekster og songar eg har skrive.

Turnéplan

13. august 2020: Ishavskatedralen, Tromsø
14. august 2020: Salangen, Dugnadspuben (CC, kjøp i døra)
15. august 2020: Narvik, Sjømannskirka
16. august 2020: Harstad kirke

Kjell Inge snakkar om Nord-Noreg

Besteforeldra mine kjem frå Nord-Noreg, og denne landsdelen har vore ein integrert del av oppveksten mi. Farmor kom frå Balstad, og sjølv om eg ikkje skal dit denne gongen, er berre det å få kome nordover ei kjensle av å vende tilbake til røtene.

Det er fyrste gong eg held konsertar her oppe, og då tar eg sjølvsagt med meg heile katalogen min.

Folk kan vente å få høyre ting dei har høyrt på radioen, men eg har óg lyst til å overraske med noko nytt.

Kjell Inge Torgersen i konsert er ei opp­leving.

Det kunne nesten vere som eit ånden-som-går-sitat: “Når Kjell Inge synger, holder folk pusten.” For det er eit-eller-anna ved Kjell Inge sin sceneperson, Kjell Inge sin stemme. Noko som berører. Når Kjell Inge går på scena lener folk seg frampå, eller senker skuldra bakpå. Og så seier dei: “Dine sanger er så gode og fine, og måten du forteller historier på, det lever man seg jo veldig inn i.” eller “Tusen takk for både nydelig konsert, og rørende og humoristisk historiefortelling.” eller “Balsam for sjelen!” eller "Musikken din er helt fantastisk!"

Han er ikkje berre blitt kjent som ei stor stemme, men også ein ­levande formidlar. Av gode forteljingar, humor og det som er tett på livet. ”Audmjuk og strålande” har han blitt kalt i avis­melding med terningkast 6.

A-liste Og han er mykje radiospelt. Med 4 kritikarroste album og med det nyaste albumet Mudderlys, befesta han seg som nasjonal artist med fleire NRK P1-lista låtar. Der finn du ”Eg fant ein ring” og ”Hud” og fleire til. I tillegg blei Mudderlys Ukens Album hos NPS Music Spotify og fekk 5-er i anmelding. ­Og al­bumet Aks av gull frå 2006 har tilnærma blitt folkeeigedom, og teksten frå tittelalbumet får han støtt og stadig meldingar om at blir spelt av mange andre songarar og musikarar over heile landet.

Bilete

Plakat Kjell Inge Torgersen i Tromsø
Plakat Kjell Inge Torgersen i Tromsø
Plakat Kjell Inge Torgersen i Salangen
Plakat Kjell Inge Torgersen i Salangen
Plakat Kjell Inge Torgersen i Narvik
Plakat Kjell Inge Torgersen i Narvik
Plakat Kjell Inge Torgersen i Harstad
Plakat Kjell Inge Torgersen i Harstad

Meir i kategorien aktuelt