

Fem om dagen blei lansert 1. mai 2026. Omslagsdesign: Kjell D. Ramsdal. Foto: Stig Håvard Dirdal (oppgje alltid fotografens namn ved bruk)
Fem om dagen er fjerde singel frå kommande album «Månefall», og årets tredje, etter "Håp i det fjerna" og "Den som gir". Samarbeidet med produsentane dal'Hansen – Ruben Dalen og Stian S. Hansen – fortsetjer og denne gong er det ein sommarlett gladlåt som skal innlemmast.
Må me stadig følge gode råd og konsumere kjappe triks frå alle dei me føler me må følgje ? Dei som forsikrar deg om at livet blir magisk og poetisk?
Eg sit i glasshus, eg veit det, for nå les jo du dette på eit elektronisk medium.
Men innimellom er det godt å kvile med ei god bok, bare vere i hagen, vere heime eller i den nære parken, og nyte at livet ikkje er innstilt på 11, men heller kope litt, utan podkast, nyheiter eller - faktisk - musikk på øyret.
Og då blir kanskje nytinga av ein god låt eller forteljing betre etter ein god kvilepause, når tankane har fått flagre fritt.
Ta fem om dagen - men kanskje litt seinare?
Der e så mange å fylla
som eg må hylla
og alt det de har sko eg hatt – på si’
Ein kur eg må kjenna
ein vane å venda
om eg ska bli glade og rike som de
Men hos deg får eg det sakta
det hjemmabakta,
litt kverdag kver dag, det e godt for meg
Og du e fine i det vanta
gode på andante
… men eg kikke på skjermen – og glømme det
For der står det at de har det
Ma-ma-ma-ma-ma-ma-magisk
Og at livet e så
Po-do-po-po-po-poetisk
Men korfor må eg
Ja-da-ja-ja-jaga dagen
Ja, korfor ikkje
Ba-da-ba-ba-bada nagen