Lydbok: Cleng Peerson-triologien, av Alfred Hauge

Kjell Inge les Alfred Hauges «Cleng Peerson»-trilogi frå 1965. Gjennom varierte og fine tekstar, med ein hovudperson som lever frå omlag 1780-1865, blir me kjent med denne delen av norsk historie som også så mange amerikanarar forbind seg sterkt med og er så stolte over. Og gjevt er det når lyttarar likar det dei høyrer.

Ein lyttar lurer på om det finst ein omsetjar av teksten, frå riksmål til dialekt (for eg les på mi stavangerdialekt). Og, som lyttaren antar – det stemmer. 😅

«… eller er det berre ein svært dyktig opplesar? Vi trur vel helst at opplesar og “omsettar” er ein og same person. Stemmer?? Og for å gjere det heilt klårt: Vi har stor sans for opplesinga di. Takk for flott lesing!!»

Veldig, veldig hyggeleg å høyre at folk finn fram til desse lydbøkene og høyrer på dei. Eg foreslo for Gyldendal Norsk Forlag å lese bøkene på dialekt, for slik å kanskje gjere dei meir tilgjengelege, med ein litt meir moderne vri – og forhåpentleg nå ut til fleire. Sjølv gjer Alfred Hauge i innleiinga av bøkene eit poeng av at han legg språkdrakta tettare opp mot eit konservativt bokmål, for å gje tidskoloritt og truverd til forteljinga om Cleng Peerson. Men det er nå likevel stor forskjell på munnleg framføring og prent av tekst, tenkjer eg. (Og joda, det er eg som har "omsett" teksten til stavangerdialekt, etter ymse heimesnekra prinsipp eg har arbeidd meg fram til i mange slags opplesingar.)

Ei feiande flott og velskriven forteljing om han som blir kalla "Den norske utvandringas far". Og i 2025 er det faktisk 200 år sidan den fyrste organiserte ferda gjekk til USA – frå Stavanger. 4. (eller kanskje 5.?) juli, 1825, med båten Restauration.

I bøkene framstår ikkje Cleng Peerson som nokon helt, han er snarare ein antihelt. Mykje går gale, men ein heil del også godt – og heile tida malar Hauge opp store og varierte skildringar. Takk for turen, Cleng. Og takk for tilliten, Gyldendal!

Bøkene er lesne inn i studio ‘Kammerset’ i Tinfabrikken. Takk også til Torolf Nordbø som sette meg på ideen.

Meir i kategorien stemme