Releasekonsert • Spor 5 / Stavanger

Kom til Spor 5 – ein av dei finaste scenene i byen (og eg har høyrt at far min spelte i korps der) på ein fin fredag i september – og høyr heile albumet lagt fram av dei ypperste musikarane som nokon gong har spelt denne musikken.

På scenen:

Ruben Dalen – trommer

Stian S. Hansen – bass

Vidar Schanche - gitarar

Erlend Wold - tangentar

På plata denne gongen samarbeider Kit med produsentduoen Dal'hansen, og saman har dei skapt eit nytt lydunivers, i ein frapperende miks av det akustiske og elektroniske. Tekstane er alltid viktige – og alltid på norsk. Det handlar om det store og det vesle, om lengt, kjærleik, eksistens, om det korte stykket me finst, innimellom uendelegheitene. To tekstar er óg signert diktarhøvding André Bjerke.

Og tittelen? Tjernet i skogen lokkar og skjuler løyndomar. Det er som i liva våre: nokre gonger virvlast det gamle opp fra botnen, me arbeider oss gjennom det – og lyset som då skjærer gjennom det fallande mudderet er vakrare enn nokon gong.

Billettar

Billettar kjøper du hos Linticket.

--

Men CD-utgjeving óg, seier du?

Nå tenkjer du – ei cd-utgjeving? Kven gjer ut dét lenger? Jo, det har blitt sjeldan. Men eit fysisk album er noko _meir_. Det er musikk å halde i handa, kjenne på, sjå på, trekke ut tekstheftet, bla litt, lese om folka som er med, for det er jo folk, mange gode folk, som har gjort eit stykke arbeid. Det er noko du kan gje bort til nokon du er glad i. Og cd-en? Den puttar du i cd-spelaren i bilen. Eit musikkalbum i strømmingas tid. Motstrøms.

Dette er det fjerde albumet mitt. For dei som har fulgt meg, lyder det nok annleis enn før. Men for meg er dette heimtraktene. Heilt frå eg som ungfole kjøpte min første synth (ein Roland JX-3P med Cube 60 forsterkar frå Sagevik musikk), har eg kjent ei dragning mot elektrisk musikk. Difor er det som eit djupt andedrag ned i grottene i solar plexus når eg nå går tilbake til studioarbeid og leiker med elektriske instrument. 

På «Mudderlys» samarbeider eg med duoen Dal’hansen (Stian Schøld Hansen og Ruben Dalen), to karar eg har kjent i lang tid, og som eg har jobba med i parallelle prosjekt, av og på sidan 1999. Påska 2015 møttest me i Oslo og saman leika me tri oss fram til eit nytt lyd­univers, noko eg opplever som ein frapperande miks av elektroniske og akustiske uttrykk.

«Mudderlys» er no tilgjengelig i førehandssal på cd, altså både med teksthefte og bakominfo. Albumet blir lansert 8. september og blir gjeve ut av daWorks. "Skvis" er nettbutikken til distributøren. (sjå link)

https://www.skvis.no/artister/kjell-inge-torgersen

 

Bilete

Plakat for lanseringskonsert Mudderlys – på Spor 5
Plakat for lanseringskonsert Mudderlys – på Spor 5