Julelegender:2026

Valbergtårnet, Stavanger

>> eller ring Havana-Magasinet, tlf 51 89 49 70

 

Julelegender:2026

«Eg blir litt som barn igjen» sa ein gong ein publikummar til meg etter ein forestilling. Det må vere er ein av dei finaste tilbakemeldingane eg har fått, for tida før jul skulle gjerne fortryllast igjen og gje oss litt av den barnlege gleda tilbake.

Og dét er Julelegender: høyr ei god historie og nyt fine songar. Så enkelt er det. Ein fin time før jul, utan stress.

… for første gong i Valbergtårnet!

Meir intim konsert skal ein leite lenge etter. Med 40 eksklusive seter per forestilling, inviterer Kjell Inge Torgersen deg til eit unikt lokale og ei sjeldan oppleving, mange etasjar over kvardagen.

Heilt sidan 1658 har det stått eit sekskanta tårn på Valberget i Stavanger. Steintårnet i dag blei opna i 1853, og er teikna av Christian H. Grosch (som òg deltok i teikninga av Det kongelege slott i Oslo). Når du klatrer alle trinna til toppen, får du eit heilt spesielt utsyn -- med julelysa frå byen under deg og fuglar i augehøgd.

(Bispekapellet er nå stengt – for å sjølv å bli pussa opp.)

Ver velkommen til ei skuldersenkande og annleis oppleving med ny legende og ny musikk.

Gitarist og arrangør Aril Schøld er som alltid med og står saman med Kjell Inge om dei musikalske legendene. Dei byr på tett samspel og fine arrangement av kjente og nye songar -- og eit samarbeid som strekkjer seg over 25 år.

SPELEPLAN

(15 forestillingar i Valbergtårnet)

14. desember kl. 18 (PREMIERE!)
14. desember kl. 19.30
14. desember kl. 21
15. desember kl. 18
15. desember kl. 19.30
15. desember kl. 21
16. desember kl. 18
16. desember kl. 19.30
16. desember kl. 21
18. desember kl. 18
18. desember kl. 19.30
18. desember kl. 21
19. desember kl. 18
19. desember kl. 19.30
19. desember kl. 21

>> Kjøp digitale billettar på Linticket

Valbergtårnet rommer 40 gjester per forestilling, og sørgjer for ein intimitet og eksklusivitet du ikkje får i store konsertsalar.

 

Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant. (Moster Amfi.)

 

«Fabelaktig god forteller»

Stavanger Aftenblad anmeldte utgjevinga «Julelegender – Den blå karfunkel» og landar på eit sterkt terningkast fem. Dette er Julelegender live – ein innspeling av ein forestilling som så blei utgjeve på strøymetenester. Journalist Leif Tore Lindøe kallar det "en musikksatt lydbok" og seier videre dette:

 

Han er en fabelaktig god forteller; engasjerende, passe dramatisk, har god timing. Fortellingen legger seg veldig godt i ørene. Knallgodt framført!

 

Du kan høyre «Den blå karfunkel» alle stader der du strøymer musikk. Sjekk link under.

 

… og konsertpublikum er nøgde

Dette seier nokre av publikum som kom og høyrte oss i Majorstuen kirkes kapell i Oslo:

 

Tusen takk for både nydelig konsert, og rørende og humoristisk historiefortelling.

Hadde med meg to i Oslo som ble helt "frelst". Det var en fantastisk motgift mot handlehysteri og stress. Du er en veldig god og medrivende forteller!

 

Vil du ha fysiske billettar til gåve eller adventskalenderen?

Frå september kan spesialtrykte billettar kjøpast i Noregs eldste spesialforretning for tobakksvarer: Havana Magasinet i Stavanger sentrum.

Du kan òg ringe dei på telefon: 51 89 49 70.

 

Befriende julestund med dristige tolkninger. (Kristin Aalen, Stavanger Aftenblad, terningkast 5.)

 

Omtale av Julelegender

Les omtale om tidlegare «Julelegender» i Stavanger Aftenblad

Les anmeldelse av «Julelegender – Den blå karfunkel»

 

--

Etabl. 2009!

Sidan 2009 har Julelegender blitt spelt i særeigne rom i Stavanger -- og andre stader i landet. Også musikkalbumet "Julelegender" (2011) kom ut av forestillingane i Bispekapellet og resulterte i opptreden på sjølvaste "Kvelden før kvelden" på NRK1, og i A-listing av låta "Stjernenatt" på NRK P1.

I 2021 blei 10-årsjubileet for utgjevinga feira med ei liveplate frå dét årets forestilling: "Julelegender – Den blå karfunkel." Den fekk 5-er i melding og gode ord, som: "Han er en fabelaktig god forteller!"

Kjell Inge har mottatt Rogaland fylkeskommunes kulturstipend, Tekstforfatterfondets arbeidsstipend tre gonger og støtte fra Komponistenes vederlagsfond.

 

Julelegender er ein produksjon av The KIT as, i samarbeid med Grafo trykkeri.

Bilete

Julelegender:2026 – årets plakat. Foto: Pål Christensen / Morten Berentsen. Form: The KIT as
Julelegender:2026 – årets plakat. Foto: Pål Christensen / Morten Berentsen. Form: The KIT as