Julelegender:2025

>> eller ring Havana-Magasinet, tlf 51 89 49 70

 

Julelegender:2025

«Eg blir litt som barn igjen» sa ein publikummar til meg etter ein forestilling. Det er ein av dei finaste tilbakemeldingane eg har fått, for tida før jul skulle gjerne fortryllast igjen og gje oss litt av den barnlege gleda tilbake.

Dét er Julelegender: høyr ei god historie og nyt fine songar. Så enkelt er det. Ein fin time før jul, utan stress.

 

Bispekapellet åpnar igjen!

Sidan 2009 har Kjell Inge Torgersen invitert til si førjulsoppleving. Etter fleire år med oppussing av Domkirka i Stavanger, er Bispekapellet igjen tilgjengeleg for stemningsfull konsert og forteljing, tett opp under jul.

Nå inviterer Kjell Inge Torgersen til ei ny skuldersenkande og annleis oppleving med ny legende og ny musikk i det som kanskje er byens flottaste konserthus med utsøkt akustikk og særeigen stemning.

Aril Schøld på gitar og vokalharmonier byr på tett samspel og fine arrangement av kjente og eit par nye songar. Kjell Inge og Aril har spelt i lag i over 25 år, og dét kan høyrast.

 

«Fabelaktig god forteller»

Stavanger Aftenblad anmeldte utgjevinga «Julelegender – Den blå karfunkel» og landar på eit sterkt terningkast fem. Dette er Julelegender live – ein innspeling av ein forestilling som så blei utgjeve på strøymetenester. Journalist Leif Tore Lindøe kallar det "en musikksatt lydbok" og seier videre dette:

Han er en fabelaktig god forteller; engasjerende, passe dramatisk, har god timing. Fortellingen legger seg veldig godt i ørene. Knallgodt framført!

Du kan høyre «Den blå karfunkel» alle stader der du strøymer musikk.

 

… og konsertpublikum er nøgde

Tusen takk for både nydelig konsert, og rørende og humoristisk historiefortelling.

Hadde med meg to i Oslo som ble helt "frelst". Det var en fantastisk motgift mot handlehysteri og stress. Du er en veldig god og medrivende forteller!

Dette seier nokre av publikum som kom og høyrte oss i Majorstuen kirkes kapell i Oslo. 

 

Speleplan

Kjell Inge Torgersen fortsetjer i år sin kritikarroste forteljingsserie og legg ut heile 6 forestillingar.

Stavanger / Bispekapellet
13. desember kl. 18 (PREMIERE!)
13. desember kl. 1930
15. desember kl. 18
15. desember kl. 1930
19. desember kl. 18
19. desember kl. 1930
 

Bispekapellet tar 60 gjester per forestilling og har utsøkt akustikk.
 

Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant. (Moster Amfi.)

>> Kjøp digitale billettar på Linticket

 

Billettar på papir – til adventskalenderen?

Du kan óg kjøpe spesialtrykte billettar fysisk, om du ønskjer det. Det gjør du i Noregs eldste spesialforretning for tobakksvarer: Havana-Magasinet i Stavanger sentrum. Du kan gjerne ringe dei på telefon: 51 89 49 70.

 

Befriende julestund med dristige tolkninger. (Kristin Aalen, Stavanger Aftenblad, terningkast 5.)

 

Omtale av Julelegender

Les omtale om tidlegare «Julelegender» i Stavanger Aftenblad

Les anmeldelse av «Julelegender – Den blå karfunkel»

 

--

>> Kjøp digitale billettar på Linticket eller ring Havana-Magasinet, tlf 51 89 49 70

 

 

Julelegender er ein produksjon av The KIT as, i samarbeid med Grafo trykkeri.

 

Bilete

Julelegender:2025 – årets plakat. Foto: Morten Berentsen. Form: The KIT as
Julelegender:2025 – årets plakat. Foto: Morten Berentsen. Form: The KIT as