Julelegender:2015 – Frue kirke, kl. 18

>> eller ring tlf. 51 53 70 00.


På sjuande året inviterer Kjell Inge Torgersen til si kritikarroste forestilling. Kvart år inneheld forestillingane ny musikk eller ny forteljing – og i år: ny juleforteljing og ny låt.

Julelegender har blitt ein tradisjon for mange. Ein stad å senke skuldrene, ta med familie og vener for å høyre ei god historie og ny og kjend musikk som høyrer jula til.

«Befriende julestund»

Stavanger Aftenblad har tidlegare kasta fleire terningkast 5 for forestillingane og kalt dei ein "befriende julestund" og "dristige tolkningar". Mange begeistra tilbakemeldingar har kome frå folk etter utselde forestillingar.

I år som i fjor speler me i den flottaste trekyrkja i sentrum, Frue kirke (Hetlandskirken, bak Stavanger Tinghus). Frue kirke tar 420 gjester per forestilling og er ei trekyrkje med utsøkt akustikk. Conventor produserer lys og lyd.

Musikarane

Gitarist og arrangør Aril Schøld leier eit opplagt ensemble med Bjarte Mo frå SSO + "Asgeir & Mo", samt multimusikaren Karl-Dag Kjosavik på kontrabass, tangentar og kor. Dette er eit vesentleg større ensemble enn i forestillingane i Bispekapellet ‒ og ei rikare musikalsk og tekstleg oppleving.

Billettar

Kr. 280,- + avgift, hos BILLETTPORTALEN
tlf. 5153 7000 eller på billettkontoret i konserthuset.
Billettar kan òg kjøpast ved inngangen, viss det er ledig.

Bilete

Julelegender:2015 – Frue kirke
Julelegender:2015 – Frue kirke