Aks av gull er ein av elleve stinglåtar på dette konseptalbumet

Aks av gull blei utgjeve i 2006 og inneheld 11 gjendiktingar av artisten Stings songar til nynorsk i ny musikalsk drakt. Her finn du fleire tekstar.

Alle tekstar, samt arrangement av "Roxann", er signert Kjell Inge Torgersen. Alle andre arrangement: Aril Schøld. Produsent: Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld. Miks: Håkon Iversen. Utgjeve: daWorks (2006).

Kjøp albumet på iTunes eller hos Platekompaniet. Kontakt Kjell Inge Torgersen om du ønskjer signert utgåve.

Innspeling og miksing

Albumet er innspelt live på Utstein Kloster i vindkast og vilt vér, oktober 2005, med Helge Tjelta som lydteknikar. Miksa av Håkon Iversen i Oslo dei følgjande månadane, ein av Noregs framste produsentar og lydmenn på akustisk musikk (bl.a. produsert Bjørn Eidsvåg). Mastering blei med tryggleik overlatt til Cutting Room i Sverige.

Musikarar er gitarist Aril Schøld, Karl-Dag Kjosavik (kontrabass), Magnhild Mo (cello) og Bjarte Mo (fiolin). Randaberg Mannskor blei invitert til å vere med på låta "Mitt hovud hang" og tilfører god, russisk malm.

Mottaking

Albumet fekk jevnt over svært god mottaking i dei fleste medier i Noreg, og ein konsert frå Utstein Kloster blei sendt på NRK i fleire omgangar.

Nedanfor finn du utklipp frå anmeldingar og presse.

Kjell Inge Torgersen gjer framleis utdrag frå albumet i sine konsertar. Booking her.

Innhald

Norske titlar med engelske originaltitlar i parentes.

  1. Tidevatn (All this time)
  2. Skjøre (Fragile)
  3. Eg brenn etter deg (I burn for you)
  4. Etter i kveld (Consider me gone)
  5. Andedrag (Every breath you take)
  6. Aks av gull (Fields of Gold)
  7. Mitt hovud hang (I hung my head)
  8. Utan deg (Mad about you)
  9. Ånd omgitt av ting (Spirits in the material world)
  10. Te i Sahara (Tea in the Sahara)
  11. Roxann (Roxanne)

Tekstar

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Aks av gull

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: A. Schøld

Du vil hugsa meg når ein vestavind
stryk dei gylne aksa.
Du lar sol ver’ sol, der ho skin sjalu,
mens me går i gylne enger.

Ho tok sin kjære med for å sjå ei stund
på dei gylne aksa.
I hans mjuke famn sank ho ned, og han 
– han blei ei gyllen eng.

Eg gav aldri lovnader lett, eg,
og det har vore nokre eg braut.
Men eg lover: av dagane igjen
skal me gå blant aks av gull.
Me går blant aks av gull.

Vil du bli hos meg? Ver min kjære, du,
her blant dei gylne aksa.
Me lar sol ver’ sol, der ho skin sjalu,
mens me ligg i gylne enger.

Kjenn på vestavind’ – som ein elskar stryk han
mjukt dei gylne aksa.
Hennar kropp stig opp når de kyssar løynd,
uti ei gyllen eng.

Eg gav aldri lovnader lett, eg,
og det har vore nokre eg braut.
Men eg lover: av dagane igjen
skal me gå blant aks av gull.
Me går blant aks av gull.

Mange år har gått si’ den sommarsdag,
der blant dei gylne aksa.
Sjå kor borna spring der mens sol går ned,
uti ei gyllen eng.

Du vil hugsa meg når ein vestavind
stryk dei gylne aksa.
Du kan sei’ til sol, der ho skin sjalu,
at me gjekk blant aks av gull.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Andedrag

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

For kvart eit andedrag,
for kvart eit hjarteslag,
kvart eit band du bryt,
hjartepil du skyt
– vil eg vakta deg.

For kvar ein soloppgong,
for kvar ei lygetrong,
kvart eit spel på gong,
kvar ein nattesong
– vil eg vakta deg.

For berre du
er mi eine, du.
Eg er smerta vár
for kvart eit steg du tar.

For kvart eit hofteskot,
for kvart eit lovnadsbrot,
kvar falsk latterlåt,
krav du seier er vårt
– vil eg vakta deg.

Då du gjekk, stod eg att utan eit ord.
Eg drøymer natt etter natt om dine andletsspor.
Eg vil leita, men eg skjønar ikkje kor.
Eg er så kald, og eg lengtar til di jord.
Høyr kor eg ber deg, ber deg, høyr meg,
høyr…

For berre du
er mi eine, du.
Eg kjenner smertejag
med dine andedrag.

Kvart eit ord som fell,
kvart eit ord du held,
for kvart andedrag,
kvart bylgjeslag
– vil eg vakta deg.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Skjøre

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: A. Schøld

Om blodet flyt, når kjøt og stål blir eitt
og speglar seg i solefall, i ei steinur, heitt.
Så kjem det regn og vaskar væta bort,
men alltid ligg det litt igjen i oss.

Ja, kanskje denne handlinga
skulle slå fast gamle sanningar: 
– at aldri kjem det godt or vald,
nei, aldri i noko fall.
For dei som bur utan lykkestjerna nær
er eg redd me gløymer kor skjøre me er.

Regnet fell uendeleg,
som tårer frå der
kor stjernene er.
Regnet seier om igjen
kor skjøre me er,
kor skjøre me er.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Eg brenn etter deg

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

Tenk at eg har møtt deg!
I brisen frå smilet ditt,
i skuggen frå din parasoll,
flør din kjærleik i meg.
Sjølv om eg drikk av ditt vatn,
brenn eg etter deg.
Eg brenn…

Du og eg, me elskar.
Mens natta kvelvar seg ikring,
og me slumrar samanslynga,
flør din kjærleik i meg.
Sjølv om eit heilt hav lindrar,
brenn eg etter deg.
Eg brenn etter deg.
Eg brenn… etter deg.

Stjerner fell frå himmelen.
Mens eldgamle steinar banar veg,
og stilla fyller rommet,
flør din kjærleik i meg.
Sjølv om eg ligg her urørleg,
brenn eg etter deg.
Eg brenn etter deg.
Eg brenn… etter deg.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Tidevatn

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

Eg kikka ut over Vågen i dag.
Eg såg eit tårn gjennom skodda
ruva over byen vår, der kor duene rår.
Eg såg dei trøtte bryggarhestane lunta heim i neonlys,
det var to prestar på ei ferja og svaner i Vågen utan vintergys.

Og tidevatn
går opp og ned,
uendeleg,
i all slags vêr.

To prestar kom ned til oss i kveld.
Det var ein ung og ein gamal
for å be for døyande, og gje den siste olja vel.
Både lærar og elev skulle læra kaldvindens veg.
Å, dei olstra og dei flaug med kjortelty,
skal tru denne kråka vil drepa meg?

Og tidevatn
går opp og ned,
uendeleg,
i all slags vêr.

Om eg fekk det som eg ville,
tok eg båten ut,
og gav den gamle
hans siste kvila der.

”Velsigna er dei fattige, for dei skal arve jorda.
Betre å vera fattig enn feit og sitta fast i nålauga.”
Då desse orda falt den kvelden, høyrte eg den gamle lo:
”Kva er så bra med ei oppbrukt verd, og korfor skulle eg vilja ha ho?”

Og tidevatnet gjekk
opp og ned,
uendeleg,
som andedrag.
Og tidevatnet gjekk
opp og ned.
Høyr, prest, viss Jesus er til
å korfor har han ’kje budd her?

På skolen sa dei at vikingane samla seg her.
I store drageskip, med småkongar
og blod og sverd i hand og kledde i lær.
Dei levde og døydde, dei blota til Odin og Tor,
men fekk aldri eit svar.
Og stormakta forvitra, til alt som var igjen
var det jarnet som rusta tok.

Og tidevatnet gjekk
opp og ned,
mens sola sank
i nordishav.
Om eg fekk det som eg ville,
tok eg båten ut.
Me blir galne når me samlast
og me blir berre betre
ein og ein,
ein og ein og ein,
ein og ein,
ein og ein.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Etter i kveld

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

Det var ord om tilgjeving,
det var tankar om fred,
peace and love og forsoning
heilt til sola gjekk ned.

Eg såg månen bak skya,
eg såg kjolen du har,
eg såg kvinna i spegelen,
og eg såg kor det bar.

Etter i kveld,
etter i kveld…
– eg trur ’kje det held.

Roser har tornar.
I blanke tjern,
mudderet søkk.
Sjølv i vakraste liv
finn du styggaste møkk.
Formørking og skyer
flekkar måne og sol,
og historia syng
om kvar hane som gol.

Etter i kveld,
etter i kveld…
– eg trur ’kje det held.
Etter i kveld…

I for mange år
ar eg i krig med meg sjølv.
Doktoren har talt:
det går på helsa mi laus.
Å søkja fullkommenskapen
er vel og bra, det,
men å søkja himmelen på jorda
gjer eit liv i ufred.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Mitt hovud hang

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

Ein morgon med litt tid
å slå i hel;
eg lånte Pers rifla
og sette meg til.
Frå åsen var hesten
og ryttaren som i bur,
når eg kikka gjennom
mitt sikteskur.
Men Pers rifla gjekk av
der inni mi hand,
og skotet klang ut
over det ganske land.
Og hesten, han trava
– mens ryttaren slang.

Mitt hovud hang.
Mitt hovud hang.

Eg sette av garde,
eg rømte derfrå.
Bror min si rifla
forsvann i ei å.
Eg fortsette spranget,
til hav og til sand,
det var der dei fann meg,
mitt hovud i hand.
Og lensmannen spurte
om korfor eg sprang,
då kom det til meg
kva eg sette i gang,
slik heilt utan meining,
ein blybete,
eit pang.

Mitt hovud hang.
Mitt hovud hang.

Og så settast retten,
men ikkje alle får stol.
Høgt oppe sit domaren,
han skin som ei sol.
”Forklar no for retten
kva du tenkte på,
og så spør me juryen
kva dei seier så.”
Eg sa: ”Eg kjente makta
til mannen med ljå,
ei enke med farlause
born gjorde eg då.
Eg ber om tilgjeving,
men har ’kje slik rang.”

Mitt hovud hang.
Mitt hovud hang.

Ein morgon med litt tid
å slå i hel.
Eg fryktar galgen
på åsen blir fæl.
Men bakanfor åsen
– ei synkverving tru?
Eg ser hest og ryttar
ri over vår bru.
Han kjem for ta meg
med til der han bur,
og me skal ri saman
til Gud gjør retur.
Eg ber om Guds nåde
– og at reipet er langt.

Mitt hovud hang.
Mitt hovud hang.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Utan deg

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

Eit steinkast frå Jerusalem
vandra eg ei einsam mil under månen.
Eg trur eg talte ein million stjerner, men
hjarta flaug ut til ein fjern klode
– som svirrar ikring aprils månemann,
virvlar i ein sørgjeboge.
Eg er fortapt utan deg,
fortapt utan deg.
Sjølv om alle rike smuldrar opp
og renn ut i sand:

Eg blir gal utan deg,
gal utan deg.

Og ut frå mørke, avsondra dalar
kom den urgamle sørgjesongen,
men for kvart steg så var du der,
i min tanke, for kvart steg.
Og stjerner er som sandkorn,
er som rester frå eit hav uttørka.
Er det lenge til?
Sei, er det lenge til?

Eg høyrte ein by ligg i ørkenen,
ein gammal konge er så æresjuk.
Men byen ligg i brotne restar
der kor gribben syng og vinden skrik.
Så dette er menneskets verk?
Dette er summen av vår ambisjon?
Fengselsmuren blei mitt land
om du tok ein annan mann.
Med kvart eit fengsel knust til støv,
går fiendane fram.

Eg blir gal utan deg,
gal utan deg.

Nei, aldri har eg før
kjend større einsemd enn eg gjør nå.
Og sjølv om eg regjerer
over alt ikring,
betyr det ingenting.
Det fins jo inga vinning,
i alle store ting,
kjærleikslaust.

Eit steinkast frå Jerusalem
vandra eg ei einsam mil under månen.
Eg trur eg talte ein million stjerner, men
hjarta flaug ut til ein fjern klode
– som svirrar ikring aprils månemann,
virvlar i ein sørgjeboge,
eg er fortapt utan deg,
fortapt utan deg.

Eg ser du held min undergang
der i di opne hand.
Med kvart eit fengsel knust til støv,
går fiendane fram.
Om alle rike smuldrar opp
og renn ut i sand:

Eg blir gal utan deg,
gal utan deg.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Ånd omgitt av ting

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

Politikarar leter oss i stikken
med vår innvikla utvikling.
Har ikkje tru på statistikken
eller på blodbadsretorikken.

Me er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda.
Me er.

Dei seier val er å telja stykk,
og vil fengsla deg med ord, ja.
Set dei tolsame under trykk.
Det er retorikkens fall til jorda.

Me er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda, er...

Og svaret, kor ligg det?
Me lever frå dag til dag.
Kan me kjøpa ein kur ein stad?
Eg trur det finst eit anna underlag.

Me er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda.
Me er.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Te i Sahara

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

Mine systrer og eg
har eit ynskje klårt til deg.
Det kan høyrast litt rart
– som om me tenkjer uklart.

Nei, ikkje spør om vår sak,
her under himmelens tak.
Me har ei snål besetting,
men du kan laga ei slik oppsetjing.

Te, djupt i Sahara, vil du?
Te, djupt i Sahara, vil du?

Og ungguten sa
han skulle gjer’ som dei bad.
Så med dans gav dei takkar,
og den dansen, han var vakker.

Ja, dei venta han der,
same stad, kvart år, der
under himmelens tak
kryss’ han sand i ro og mak.

Te, djupt i Sahara, vil du?
Te, djupt i Sahara, vil du?
Te, djupt i Sahara, vil du?
Te, djupt i Sahara, vil du?

Men himmelen blei svart
– kom han nokon gong att?
Dei klauv høgt opp på sand,
bad til månen, der han rann.

Men han kom aldri att.
Så av solebrann blei dei tatt.
Augo sveipte eit land,
med krusa fortsatt fulle av sand.

Te, djupt i Sahara, vil du?
Te, djupt i Sahara, vil du?
Te, djupt i Sahara, vil du?
Te, djupt i Sahara, vil du?

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Roxann

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

Roxann,
la nå berre nærlysa gå forbi.
Ingen bil på tomgang,
natta skal ’kje spørja om tur, du skal ikkje i.

Roxann,
la dei tynne kleda få vere i fred.
Gå gatelangs for pengar,
gale eller rett, du bryr deg lite om det.

Roxann,
la nå berre nærlysa gå forbi.
Roxann,
la nå berre nærlysa gå forbi.

La lysa gå forbi,
la lysa gå forbi,
la lysa gå forbi,
la lysa gå forbi.

Eg har elska deg frå dag ein.
Vil du tru meg om eg grein?
Eg må seia det slik eg kjenner det:
eg vil ’kje dela deg med andre menn.

Eg ser du tar opp sminka
– så er eg så forsinka?
Eg har sagt det før, vil ’kje sei det igjen
– det er eit skralt liv.

Roxann,
la nå berre nærlysa gå forbi.
Roxann,
la nå berre nærlysa gå forbi.
Roxann.

 

 

 

Bilete

Omslaget til albumet Aks av gull. Design: Kjell Ramsdal. Foto: Henning Carr Ekroll
Omslaget til albumet Aks av gull. Design: Kjell Ramsdal. Foto: Henning Carr Ekroll
Dagbladet kom på besøk i klosteret
Dagbladet kom på besøk i klosteret
Stavanger Aftenblad om innspelinga
Stavanger Aftenblad om innspelinga
Konsert på Jærnåttå
Konsert på Jærnåttå
Omtale frå Elvefestivalen på Nes
Omtale frå Elvefestivalen på Nes
Anmelding Aks av gull i Sarpsborg Arbeiderblad
Anmelding Aks av gull i Sarpsborg Arbeiderblad
Anmelding Aks av gull i Musiq.no
Anmelding Aks av gull i Musiq.no
Anmelding Aks av gull i Rogalands Avis
Anmelding Aks av gull i Rogalands Avis
Anmelding Aks av gull i Varden
Anmelding Aks av gull i Varden
Anmelding Aks av gull i Trønderavisa
Anmelding Aks av gull i Trønderavisa
Anmelding Aks av gull i Fredrikstad Blad
Anmelding Aks av gull i Fredrikstad Blad
Anmelding Aks av gull i Norsk Tidend
Anmelding Aks av gull i Norsk Tidend