Julelegender:2019 – i Stavanger / Bispekapellet 16., 17. og 18. desember

Velkommen til nye Julelegender! For 10. gong inviterer Kjell Inge Torgersen til ei skuldersenkande og annleis oppleving. Og som kvart år: med ny legende og ny musikk.

Billettar - også på papir

Billettar kjøpast på Linticket (trykk på knappen over) – eller du kan kjøpe riktig forseggjorte, spesialtrykte billettar i Noregs eldste spesialforretning for tobakksvarer: Havanamagasinet i Stavanger sentrum. Du kan óg ringe dei på telefon: 51 89 49 70.

Tilbake i Bispekapellet i Stavanger sentrum

I Stavanger er Kjell Inge Torgersen tilbake i Bispekapellet, der alt starta i 2009 – dette vesle konserthuset med utsøkt akustikk og særeigen stemning, midt i sentrum. Også musikkalbumet "Julelegender" (2011) kom ut av forestillingane i Bispekapellet og resulterte i opptreden på sjølvaste "Kvelden før kvelden" på NRK, og i A-listing av låta "Stjernenatt".

Kom og få ei god, ny historie – og ny og kjend musikk som høyrer jula til. Gitarist og arrangør Aril Schøld er som alltid med og står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene.

Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant. (Gerd-Helen Selle, Moster Amfi)

STAVANGER // speleplan (9 forestillingar i Bispekapellet)

I Stavanger fortsetjer Kjell Inge Torgersen i år sin kritikarroste forteljingsserie i Bispekapellet og legg ut heile 9 forestillingar.

16. desember kl. 18 (PREMIERE!)
16. desember kl. 19.30
16. desember kl. 21
17. desember kl. 18
17. desember kl. 19.30
17. desember kl. 21
18. desember kl. 18
18. desember kl. 19.30
18. desember kl. 21

Bispekapellet tar 60 gjester per forestilling og har akustikk i særklasse.

Julelegender - også til Oslo og Kristiansand!

Sidan 2009 har mange legender blitt fortalt, både i Stavanger og på reis. Og nytt av året er at han i år tar Julelegender til Oslo (Capella Johannea) og Kristiansand (Ansgarkapellet). Se meir informasjon på kjellingetorgersen.no

Julelegender er ein produksjon av The KIT as, i samarbeid med Grafo trykkeri.

"Befriende julestund med dristige tolkninger." (Kristin Aalen, Stavanger Aftenblad, terningkast 5.)

Bilete

Julelegender:2019 – plakat Stavanger. Foto: Morten Berentsen. Form: The creative KIT as
Julelegender:2019 – plakat Stavanger. Foto: Morten Berentsen. Form: The creative KIT as