AVLYST: Julelegender:2020 i Kristiansand

Ansgarkapellet, Fredrik Fransons vei 4, 4635 Kristiansand

Det er med tungt hjarte eg avlyser – det er første gong på desse 11 åra at det skjer. // Julelegender:2020 – i år også i Kristiansand! Lytt, senk pulsen og kjenn gleda ved at nokon fortel deg ei god historie og syng fine songar attpå.

AVLYST! Julelegender i Ansgarkapellet er diverre avlyst. Me har fått følgjande e-post frå Ansgarskolen som forvaltar Ansgarkapellet:

"Jeg må beklage, men i lys av de nye Corona restriksjonene og begrensningene ser vi oss nødt til å avlyse alle eksterne arrangementer på Ansgarskolen frem til jul. Vi må gjøre alt vi kan for å skjerme skoledriften i denne utfordrende tiden."

Det er med tungt hjarte eg avlyser – det er første gong på desse 11 åra at det skjer. Men me må vere lojale mot forordningane – og så håper eg at både me og de kjem attende neste år!

 

--

Bli litt som barn igjen! Sidan 2009 har Kjell Inge Torgersen invitert til ei skuldersenkande og annleis oppleving. Og kvart år har han bydt publikum på ei ny legende og ny musikk. Så kom og få ei god, ny historie - og både ny og kjend musikk som høyrer jula til.

Kjell Inge og Aril kjem også i år til tre byar i landet for å fortelle og synge. Bli med – og bli litt som barn igjen. 

Speleplan Kristiansand

Kristiansand inntar Kjell Inge Torgersen Ansgarkapellet, eit vakkert utsmykka kapell utført av kunstnar Kjell Nupen. Me køyrer doble forestillingar, og berre halvparten så mange seter er tilgjengelege per konsert.

8. desember kl. 18 og
8. desember kl. 1930

– i Ansgarkapellet

---

OSLO OG STAVANGER

I Oslo besøker Kjell Inge Torgersen vakre Capella Johannea, som ligger i tårnfoten av Majorstuen kirke. Me køyrer doble forestillingar og berre halvparten så mange seter er tilgjengelege per konsert.

I Stavanger: I år blir det spesielt. Det er ei spesiell tid. Difor flytter me ut av vesle Bispekapellet og opp i den flottaste trekyrkja i Stavanger: Hetlandskirka. Her er det godt med rom til å vere saman med god avstand.

Hadde med meg to i Oslo som ble helt "frelst". Det var en fantastisk motgift mot handlehysteri og stress. Du er en veldig god og medrivende forteller!

Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant. (Moster Amfi.)