Om albumet Julelegender

Albumet Julelegender frå 2011 inneheld 11 spor, med ei veksling mellom nyskrivne songar, gjendiktingar av anglo-amerikanske julesongar og tradisjonsrike norske julestemningar. Stjernenatt blei A-lista av NRK P1 riks. Her finn du fleire tekstar.

Julelegender er ei fullstendig nyinnspeling av ein katalog songar om Kjell Inge har hatt med seg i lang tid. Til dette albumet blei Håkon Iversen spurt om å innta både produsentrolla og mikse. Han har deltatt som fabelaktig miksar av både Aks av gull og Gnist. Inspirasjonen kom frå ei forestillingsrekkje med same namn som Kjell Inge har sunge, spelt og produsert.

Produsent: Håkon Iversen. Miks: Håkon Iversen. Arr.: Aril Schøld i samspel med Håkon Iversen og Kjell Inge Torgersen. Mastering av Giert Clausen, Fersk Lyd i Oslo. Utgjeve: daWorks (2011).

Kontakt Kjell Inge Torgersen om du ønskjer signert utgåve av albumet.

Innspeling og miksing

Albuminnspelinga blei påbegynt påska 2011 heime hos Aril Schøld i hans nybygde kjellarheimestudio, med det målet å lande alt grunnkomp i løpet av desse påskedagane. For å skape ei tett og intens atmosfære, slik stemninga var i alle forestillingar med "Julelegender", bestemte me oss for at så nær som råd, skulle alle instrument spelast av dei tri involverte: Kjell Inge Torgersen, Aril Schøld og Håkon Iversen. 

Det meste av perkusjon speler Aril Schøld - på allverdas flightcasar, kinesiske kuleramer, eit lokk til ein Singer symaskin, på eigne lår (høyr beaten som går på Tre skip). Utover april, mai og juni blei mellom anna ein svært underhaldande innspelingsession med baryton, euphonium og tuba gjort av dei gamle korpsmusikarane Kjell Inge og Aril. (Takk til Sokndal kulturskule for lån av innspelingsrom mens me var på besøk i Sokndal for å gjere ein konsert.) Stortromma på Fager er jorda er lånt av Riska musikkorps, spelt av Kjell Inge. Vidare gjorde Aril, Håkon og Kjell Inge innspeling av diverse andre instrument kvar for seg, med Dropbox som prosjektlim. Alt pianospel, melodica og klokkespel er gjort heime i stova til Kjell Inge.

Morofakta Mens Kjell Inge sto og panta flasker på den lokale butikken samstundes som han lytta på ein tidleg miks av Tre skip på øyretelefonar, høyrte han med eitt ei drivande drone, ei surklande ande som gurgla under det heile - og han skjøna ingenting. Før han med eit stort glis oppdaga at duren til rullebandet på pantemaskina var nøyaktig stemt i rett toneart. Han skyndte seg å ta opp duren på iPhonen sin - og den kan du høyre som ein sugande tone like før "og alle jordas sjeler syng".

Musikarar Kjell Inge Torgersen: vokal, kor, piano, melodica, glockenspiel, euphonium, b-bass, stortromme, peiseld, Tomra panteautomat. Aril Schøld: ymse gitarar, mandolin, lap-steel, kor, althorn, baryton, euphonium, kinesisk kuleramme, Singer symaskinkasse, flightcase til bass, nøkkelknipper, skumgummiplater, lår, tomesker. Håkon Iversen: bass. Unni Hodne: Flygelhorn. Domkirkens Pikekor: kor på Stjernenatt, Fager er jorda, Stille natt og Tre skip. Spesielt takk til Ulrikke Andrea Torgersen, Nora Elida Svendsen Kvam, Elina Aurora Tang-Wa Pedersen og Tale Wille Stormark for ekstrakoring og ekstrahvisking. Kordireksjon og koring: Ragnhild A. Hadland

Innspelt med støtte frå Fond For Utøvende Kunstnere og Fond For Lyd og bilde.

Albuminnleiing

Jula ligg som ein varm og lun krok i huset når året elles har gått i skjul. Lysa. Lydane. Luktene; minnet om far min med ein feit havanasigar og lukta av framande land (elles i årets røykte han stinkande rulletobakk), dufta av maten, kvaen, peiseld gnistrande av stjernesong, angen av fullstappa kyrkje, dei varme, nære kroppane, lyden frå menneska, synet av julekrubba, juletreet. Stjerna i stjernenatta.

Til jula høyrer to ting: forteljing og song. Eg ville skapa ei forestilling som tok begge desse tinga opp i seg – og berre det. I 2009 spelte eg for fyrste gong Julelegender i Stavanger. 8 forestillingar, som blei til 10 med ekstraoppsetjingar. Eg fekk nytta Bispekapellet, eit lite, akustisk skattkammer midt i byen. Her sette eg opp ei forestilling med ei forteljing av Selma Lagerlöf og fletta inn julemusikk som eg likte. Eg skreiv òg litt nytt, for mjuke pakkar høyrer sjølvsagt jula til. Aril Schøld var med meg på gitar, song og som sparringpartnar. Det var utruleg hyggeleg å sjå responsen frå publikum og lese god melding frå byens største avis. Året etter var det klårt at ei slik forestilling måtte gjentakast, denne gong med ny musikk. For meg var det noko tiltalande med roen, fråveret av julestress og konsentrasjonen om det enkle og reine – to stemmer og enkle instrument, ei sterk forteljing. I 2010 var det over 1000 menneske på besøk i vesle bispekapellet, og Stavanger Aftenblad skreiv: "Befriende julestund. Ny lydhørhet oppstår. Dristige tolkninger."

Eg drog òg ut på ein liten turne med stoffet. Det er rart: Kvart år blir det sluppe mange julealbum, og me syng dei same songane om igjen. Me må like rytmen i det kjende. I 2011 tok eg kontakt med Håkon Iversen, som har miksa begge dei førre norske albuma mine, om han denne gong kunne tenkje seg å produsere eit julealbum for meg. Festa musikken frå forestillingane til ei digital uendelegheit, men gjera det om igjen, som ei ny plate, eit heilskapt konsept.

Dette er ikkje ei liveplate. Den inneheld heller ikkje rein forteljing. Dette er dei “små legendene”, dei små juleforteljingane me syng kvart år, til kvarandre. Musikken har me difor spelt inn heime, hos Aril, hos Håkon og hos meg.

Mottaking

Stjernenatt blei A-lista på NRK P1 riks november-desember 2012.

Stille natt blei med på ei samling skandinaviske julesongar på albumet "A Scandinavian Christmas", mellom anna i lag med Secret Garden, Oslo Gospel Choir, Sissel & Odd, D'Sound, Carola og Bugge Wesseltoft i 2012.

Fager er jorda blei med på ei norsk samleplate, "Norsk jul, tradisjon og tro", jula 2014.

Nedanfor finn du utklipp frå anmeldingar og presse.

Kjell Inge Torgersen gjer framleis forestillingen Julelegender - og utdrag frå dette albumet i sine andre konsertar. Booking her.

Innhald

  1. Stille natt
  2. Julevals
  3. Gled deg, allverd
  4. Stjernenatt
  5. Desse gylne dagar
  6. Fager er jorda
  7. Song om jul
  8. Det lyser i stille grender
  9. Tre skip
  10. Puslinganes jord
  11. Det har ei rosa sprunge

 

Tekstar

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Stjernenatt

T: Kjell Inge Torgersen/M: Aril Schøld

Natt ligg over jorda.
Natt driv inni oss.
Julestjerna over
oss, ho ser ’kje stort.

Men eld frå bål i brynet,
tri vandrarar på vegen:
ein fjerde byr dei mat og eld
og alt det skogen gjer.

Julestjerna ser det:
handling føder ljos - 
stjerner skin der nede
og mørkeret blir til ljos.
 
Stjerna ser stjernenatt
nedpå jorda, her skin stjerner att!
Stjerna ser stjernenatt
nedpå jorda, her skin stjerner att!

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Gled deg, allverd

Originaltittel: Joy to the World
Tekst/musikk: Isaac Watts/Lowell Mason, basert på Georg Friedrich Händel. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen
Arr.: Inspirert av Sufjan Stevens versjon (2006)
Opphavsland: Storbritannia / USA / Tyskland

Gled deg, allverd, for Herren kjem!
Lat jorda ta imot!
Lat alle hjarte opna seg
og hjarta gleda seg!
Og himmel og jord, dei syng,
og himmel og jord, dei syng,
og himmel, og himmel og jord, dei syng.

Gled deg, allverd, vår Frelsar rår!
Høyr, menneska, dei syng!
Og eng og mo og vang
og fjell og fosseklang
syng med i fleirstemt fryd,
syng med i fleirstemt fryd,
syng med, syng med i fleirstemt fryd.

Han rår i verda med si hand
og byr nasjonar sjølv
å spreia himmelglans
og nåden hans –
og kjærleiksunderet
og kjærleiksunderet
og kjærleiksunderet
og kjærleiksunderet
og kjærleik og kjærleiksunderet.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Tre skip

Originaltittel: I Saw Three Ships Come Sailing In
Tekst/musikk: Trad. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen
Opphavsland: Storbritannia

Eg såg tre skip kom seglande
på juledag, på juledag.
Eg såg tre skip kom seglande
på juledag, om morgon.

Og kva var det i skipa tre,
på juledag, på juledag?
Og kva var det i skipa tre,
på juledag, om morgon?

Jo, jomfrua med Jesus kom
på juledag, på juledag.
Jo, jomfrua med Jesus kom
på juledag, om morgon.

Sei, kor drog skipa som du såg
på juledag, på juledag?
Ja, kor drog skipa som du såg
på juledag, om morgon?

Dei segla inn mot Bethlehem
på juledag, mot Bethlehem.
Dei segla inn mot Bethlehem
på juledag, om morgon.

Og alle jordas klokker slår
på juledag, på juledag.
Og alle jordas klokker slår
på juledag, om morgon.

Og alle himmelenglar syng
på juledag, på juledag.
Og alle himmelenglar syng
på juledag, om morgon.

Og alle jordas sjeler syng
– alle jordas sjeler syng.

Så lat oss alle jubla høgt
på juledag, på juledag!
Ja, lat oss alle jubla høgt
på juledag, om morgon.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Julevals

Originaltittel: The Christmas Waltz
Tekst/musikk: Sammy Cahn / Jule Styne. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen
Opphavsland: USA

Gjennom rimfrostglas
skiner lysa i natt,
gylne kremmarhus opp’ på tre’!
Det er juletid,
sjå gåveblide
folk gamle Kvitskjegg har med.

Heile verda blir
som forelska igjen,
kvar ein song fortel
om fred på jord

– og ei god jul;
må ein nyårsdraum bli sann!
Med song får eg sagt,
i tri-fjerdetakt,
at eg ønskjer deg
alt godt, kvart eit grann.

Ha ei god jul,
må ein nyårsdraum bli sann.
Med song får eg sagt,
i tri-fjerdetakt,
at eg ønskjer deg
alt godt, kvart eit grann.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Song om jul

Originaltittel: The Christmas Song
Tekst/musikk: Robert Wells/Mel Tormé. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen
Opphavsland: USA

Peiseld gnistrande av stjernesong!
Har Kong Vinter frosten med?
Julesong frå eit kor nok ein gong
– og folk kledd ut i vinterkle’.

Alle veit jo det
at misteltein gir juleros
av mor når dagen er på hell.
Auge små brenn som tente ljos,
dei tittar gjennom glas i kveld.

Dei veit at nissen er på veg
med sekken full; han trampar inn
med tunge steg.
Og alle barneauge ligg på lur,
– dei lurar på om Rudolf Rødnase flyr

Vel, då strekk eg ut handa mi til deg,
eit enkelt ønskje til oss born
– og sjøl om det er sagt i
mang ein song, på mang ein veg:
Ha ei fin jul,
ei riktig glad jul!
Ei varm og god jul til deg.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Puslinganes jord

Tekst/musikk: Kjell Inge Torgersen

“Ei natt som den
kjem nok aldri igjen”,
sa mormor vår med ord
som fall med snø, mot jord.

“Og stjerneglans
blei fødselsmerket hans
då han blei brakt av mor
til puslinganes jord.

Tenk om me var der, me óg.
Tenk om me var der og såg.
Tenk om me fekk høyra gyllen song
og lyden av Guds pust den gong.

Men nå bor me her me bor,
på puslingjord.

Tenk, himmelen
fant vegen hit og heim;
ein merkestein i tid,
tenk, slik ei natt, er ho forbi.

Der låg, i halm,
ein liten kongearm.
Dei sa han bar ei bør:
han er Ordet som er før.

Alle songar, all den lyd,
alle kongar, all den fryd,
alle hjarte slo i same takt
den natta stjerner sto givakt.

Tenk at me var der og såg,
tenk at me fekk høyra óg,
at himmelkongen sov
på puslingstrå.

Då kan det kanskje gå
at me ganske små.”

Det går ei streng frå mor til mor
på puslingjord.

 

 

Bilete

Anmelding av Julelegender i Oppland Arbeiderblad
Anmelding av Julelegender i Oppland Arbeiderblad
Omtale av Julelegender i Nationen
Omtale av Julelegender i Nationen
Omtale av Julelegender i Dagen
Omtale av Julelegender i Dagen
Omtale av forestillingsserien Julelegender i Rogalands Avis
Omtale av forestillingsserien Julelegender i Rogalands Avis
Omtale av innspillingen av Julelegender i Stavanger Aftenblad
Omtale av innspillingen av Julelegender i Stavanger Aftenblad
Lansering av Julelegender i Nitimen NRK
Lansering av Julelegender i Nitimen NRK
Lansering av Julelegender i Nitimen NRK
Lansering av Julelegender i Nitimen NRK
Omtale på NRK Morgennytt av Julelegender
Omtale på NRK Morgennytt av Julelegender
Kjell Inge vil ta julen tilbake
Kjell Inge vil ta julen tilbake
Omslaget til albumet Julelegender. Form: Jørn Dalchow. Foto: Morten Berentsen
Omslaget til albumet Julelegender. Form: Jørn Dalchow. Foto: Morten Berentsen