Gnist

T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld.

Lat meg sjå gnist i kveld,
logar i mjuke kar,
smaka på sakte ord,
sløva ei stram fornuft
som fór, som var.
Lat ein gnist få flamma opp i kveld.
Lat me ver’ alt me har.

For mellom oss
går finast’ tråd,
sydd hjartefast
så djupt som råd.
Djupt i ditt,
djupt i mitt,
hjartedjup,
hjartestup.

Bygg meg eit hus av kort.
Reis for meg spir av sand.
Fang meg eit stjerneskot!
Ta meg til slott av luft,
eg følgjer fram.
Eg tar alt du gir meg, same kor
– skjørt det er gjort.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.