Eg fant ein ring

T: Kjell Inge Torgersen / M: Kjell Inge Torgersen + Dal'hansen, Waade, Kjell Reianes

Eg fant ein ring.
Han låg og glitra neri fjørå,
som svage gullglimt ifra glørå.
Han låg aleina uden deg.

Det va din ring.
Du fekk 'an fra ein venn fra sør av,
og sjøl om du kjente meg fra før av,
så blei han merre venn enn meg.

Ditt liv gjekk rundt i ringer,
i bånd, tett om hans finger.
Det va ’kje meg det sko bli,
så her står eg stilt med din ring.
Ka har du på din finger?

Ein liden ting,
dyrebar, men aldri pussa,
og navnet inni va ’kje det du sa 
te meg den gang du sang om oss.

Det blei ein sang om tapte tid.
Om adle sjanser som gjekk fløyten,
om adle ganger du tog støyten
– om at eg lod deg gå forbi.

Ditt liv gjekk rundt i ringer,
i bånd tett om hans finger.
Det va’ kje meg det sko bli,
men ka har du nå på din finger?
Her står eg med din ring…

Titusen timar e me te,
men minuttene e det me ser.
Så nærsynte me e.
Hold meg i håndå
te rundt neste sving,
la ringen bli her
på min finger.

 

Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.