5-er for lansering av to album!

To album på to dager – og Aftenbladet var med på notene: «Kjell Inge Torgersens symfoniske utgave av Sting på nynorsk er virkelig flott.» skreiv dei i omtale og anmelding 19. november 2021. Overskrifta "Flott julegave" handler også oml dobbeltutgjevinga, kor Julelegender:2020 er utgjeve som lydbok.

19.11.21

Julelegender:2020 blei til under corona-pandemien, og som ledd i spelinga av den årlege forestillingsserien, spelte me inn ein full tv-versjon i Talgje kyrkje. Lyden frå denne har blitt til ei lydbokutgåve som er tilgjengeleg på strøymetenester. Det er 10 år sidan "Julelegender" musikk-albumet blei til, så dette blei ei høveleg feiring! Deilig å få så fin anmeldelse frå avisa!

Og mens me snakkar om feiring: Eg fekk verkeleg gleda av å slå på stortromma då SSO og eg gjorde to konsertar i mai samme år. Både lyd- og videoopptak frå desse konsertane blei til utgjevingar "Aks av gull - i symfoni", til fantastisk anmelding: "Stemmen, orkesteret, materialet – alt henger ypperlig sammen og flyter sammen i den nødvendige enheten."

 

Bilete

Anmeldelsen hos Stavanger Aftenblad, 19. nov. 2021
Anmeldelsen hos Stavanger Aftenblad, 19. nov. 2021

Fleire anmeldingar