Musikkvideo: Kan 'kje finna fingen
"Kan 'kje finna fingen" er min versjon av den udøyelege klassikaren til Stavangerensemblet, skriven av Svein Tang Wa.
"Kan 'kje finna fingen" er min versjon av den udøyelege klassikaren til Stavangerensemblet, skriven av Svein Tang Wa.
ME VIL VERE OSS – IGJEN! Prosjekt IGJEN er ein musikkvideo og ein gjenopningssang, som har som hovudbodskap å feire og vise glede over der me er nå – etter pandemien. Nå kan me endeleg vere saman igjen og oppleve kulturlivet, me kan vere “oss”.
Hjarta i mitt bryst er Kjell Inge sin versjon av "Shape of my heart", nyskriven til konsertane Kjell Inge gjorde med Stavanger symfoniorkester.
"Flammar av glør" kjem frå albumet "Mudderlys" (2017). Musikkvideoen blei sluppe hausten 2019 – som ein re-release av tidlegare filmopptak.
Samme sol er ei erkjenning og ei oppfordring. Samme kor me kjem frå, lever me under samme sola. Og sjølv om me kan gå gjennom vanskelegheiter, vil alle folk du møter ha sitt å stri med. Med eit smil går alt litt lettare – som Charlie Chaplin sa.
Videoen blei filma i Bispekapellet i Stavanger etter ei av mange forestillingar og kombinert med ei rekkje stills som fotografen hadde tatt.
Filma av FabelFilm i Sola Ruinkyrkje.
Denne musikkvideoen er frå det første demoopptaket me gjorde i det gamle studioet til West Audio i Stavanger. Me spelt inn tri demoar til prosjektet: Aks av gull, Tidevatn og Eg brenn etter deg.
Aks av gull – i symfoni! I 2006 spelte Kjell Inge inn "Aks av gull" på Utstein kloster saman med eit ensemble på fem personar og ein teknikar. 15 år seinare gjer han det igjen, men denne gongen i Stavanger Konserthus – og med over 70 musikarar på scenen. Og Aftenbladet er begeistra.
Som feiring av 10 år med albumet "Julelegender", gav Kjell Inge ut den musikksette lydboka "Den blå karfunkel", etter ein tekst av Arthur C. Doyle.
Albumet Mudderlys blei lansert 8. september 2017. Det var nå seks år sidan Kjell Inge hadde utgjeve noko – men for Kjell Inge var dette god gjæringstid. Noko nytt skulle skje. Og for fyrste gong fekk han ein eigenskriven låt A-lista på NRK P1: "Eg fant ein ring". Du finn tekstar til songane nederst på sida.
Albumet Julelegender frå 2011 inneheld 11 spor, med ei veksling mellom nyskrivne songar, gjendiktingar av anglo-amerikanske julesongar og tradisjonsrike norske julestemningar. Stjernenatt blei A-lista av NRK P1 riks. Nederst i artikkelen her finn du fleire tekstar.
Albumet Gnist blei utgjeve i 2008 og inneheld 12 songar skrivne av Kjell Inge Torgersen med venner. Ole Paus og Jan Toft er med på duettar. Her finn du fleire tekstar.
Aks av gull (Fields of Gold) blei utgjeve i 2006 og inneheld 11 gjendiktingar av artisten Stings songar til nynorsk i ny musikalsk drakt. Her finn du fleire tekstar.