Turné for Den kulturelle skolesekken: "Kjerkå – ein musikalsk arkitek-tur"

I denne produksjonen, som er bestilt frå Rogaland fylkeskommune, blir kyrkjebygga i fylket presentert gjennom ord og tonar for 8.-10. klassingar. Dei blir hermed invitert ut av gymsalen og inn i eit nytt rom – og Kjell Inge Torgersen skriv spesielt manus for kvar einaste kyrkje. Elevane er med og framseier korte, sjølvskrivne ønskje – og tenner lys.

Korfor er det så mange kyrkjer?

På turneen blir skuleklassane kjent med kyrkjebygga, som det jo er så mange av i dette langstrakte landet, og som dei kanskje passerer kvar einaste dag. Kyrkjene står jo der, både som arkitektoniske uttrykk og som menneskeleg monument over noko større.

Nokre kyrkjer er eit resultat av Kyrkjeloven og blei nærast masseproduserte, andre står der med eit historisk sus – men alle er dei lada til grunnsteinane med symbolikk og tradisjon. For nokre er kyrkjene med gjennom liv frå fødsel til daud – og i mange overgangar. 

Nokre med lyst, andre med ulyst

For over 1000 år sidan blei dei fyrste norske kyrkjene bygde, og gjennom tidene har folk gått ut og inn gjennom kyrkjedørene; nokre med lyst, andre med ulyst. Men gjennom alle desse århundra – har musikken spelt.

Musikalsk strekk konserten seg frå salmer til viser og pop, både gjennom Torgersens eigne tekstar, og i andre kjente og mindre kjente songar, både på norsk og engelsk.

I den seinaste runden er det skulane i Stavanger som besøker forskjellige kyrkjer i byen. Tidlegare har trioen vore både i nord- og sørfylket, og spelt over 60 forestillingar.

 

Meir i kategorien aktuelt