Musikk og tekstar

Kjell Inge Torgersen har gjennom fleire tiår skrive songar og tekstar, han har gjendikta Sting til norsk, gjendikta julesongar til norsk, og han skriv for andre artistar.

Her finn du musikk, tekstar og info om utgjevingane hans.

Singel: Kan 'kje finna fingen (2019)

Januar 2019 blei ein kanskje uventa låt sluppe: "Kan 'kje finna fingen" – i ein ny og omskapt versjon av klassikeren til Svein Tang Wa. Her finn du både den nye versjonen, musikkvideoen og heile ROGAhits-programmet.

Albumomtale

Omslag til albumet Mudderlys. Form: tilfellet.torgersen as. Foto: Morten Berentsen (mbmultimedia.no)

Om albumet Mudderlys

Albumet Mudderlys blei lansert 8. september 2017. Det var nå seks år sidan Kjell Inge hadde utgjeve noko – men for Kjell Inge var dette god gjæringstid. Noko nytt skulle skje. Og for fyrste gong fekk han ein eigenskriven låt A-lista på NRK P1 – Eg fant ein ring. Du finn tekstar til songane nederst på sida.

Foto: Morten Berentsen

Om albumet Julelegender

Albumet Julelegender frå 2011 inneheld 11 spor, med ei veksling mellom nyskrivne songar, gjendiktingar av anglo-amerikanske julesongar og tradisjonsrike norske julestemningar. Stjernenatt blei A-lista av NRK P1 riks. Her finn du fleire tekstar.

Foto: Dag Knudsen

Om albumet Gnist

Albumet Gnist blei utgjeve i 2008 og inneheld 12 songar skrivne av Kjell Inge Torgersen med venner. Ole Paus og Jan Toft er med på duettar. Her finn du fleire tekstar.

Foto: Henning Carr Ekroll

Om albumet Aks av gull

Aks av gull blei utgjeve i 2006 og inneheld 11 gjendiktingar av artisten Stings songar til nynorsk i ny musikalsk drakt. Her finn du fleire tekstar.