Livealbumet feirast med fullt symfoniorkester og heilt ny song

Aks av gull – i symfoni! I 2006 spelte Kjell Inge inn "Aks av gull" på Utstein kloster saman med eit ensemble på fem samt ein teknikar. 15 år seinare gjer han det igjen, men denne gongen i Stavanger Konserthus – og med over 70 musikarar på scenen. Og Aftenbladet er begeistra.

19.11.21

Nedst finn du konsertvideoar.

Alle tekstar er signert Kjell Inge Torgersen. Det inkluderer den heilt nye "Hjarta i mitt bryst" (Shape of my heart) som blei skriven til denne konserten.

Grunnarrangement: Aril Schøld. Orkesterarrangement: sjå dei einskilde låtane. Produsent: Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld. Miks: Kjell A. Westby. Utgjeve av daWorks (nov. 2021).

Innspeling og miksing

"Aks av gull – i symfoni" blei innspelt live i Stavanger konserthus to fine dagar under pandemi og villskap, mai 2021, med Øivind Grong som lydteknikar – og publikum i salen. Miks blei gjort av Kjell A. Westby på Randaberg dei følgjande månadane. Mastering: Morgan Nicolaysen hos Propeller Mastering.

I tillegg til Stavanger symfoniorkester, speler gitarist Aril Schøld og bassist Karl-Dag Kjosavik, som også korar.

Virkelig flott!
(Aftenbladet)

Mottaking

«Kjell Inge Torgersens symfoniske utgave av Sting på nynorsk er virkelig flott» skreiv Stavanger Aftenblad i omtale og anmelding 19. november 2021. Vidare skriv dei: «Stemmen, orkesteret, materialet – alt henger ypperlig sammen og flyter sammen i den nødvendige enheten.», og terningen landa på ein gnistrande femmer.

Innhald

Norske titlar med engelske originaltitlar i parentes. Klikk på lenkjene for å lese tekstane.

  1. Hjarta i mitt bryst (Shape of my heart). Orkesterarr.: Eirik Berge.
  2. Tidevatn (All this time). Orkesterarr.: Aril Schøld.
  3. Andedrag (Every breath you take). Orkesterarr.: Eirik Berge.
  4. Skjøre (Fragile). Orkesterarr.: Eirik Berge.
  5. Mitt hovud hang (I hung my head). Orkesterarr.: Aleksander Sinding-Larsen Waaktaar.

 

 

 

Bilete

Albumomslag Aks av gull – i symfoni. Design: The KIT as
Albumomslag Aks av gull – i symfoni. Design: The KIT as