Releasekonsert • Mellombels / Bryne

Kom til Mellombels! Her tar KIT med seg fullt band med fabelaktige musikarar – og dei speler heile det nye albumet hans.

Support: Anna Ingwardo

--
SINGEL, LISTA PÅ NRK P1
Singelen Samme Sol frå det nye albumet hans blei lista av NRK i vår. Du kan sjå musikkvideo her: 
https://www.youtube.com/watch?v=618Rzns9Slc

ALBUMET "Mudderlys"
På det nye albumet sitt samarbeider Kjell Inge Torgersen (Kit) med produsentduoen Dal'hansen, og saman har dei skapt eit nytt lydunivers for Kit, i ein frapperende miks av det akustiske og elektroniske. Tekstane er alltid viktige for Kit – og alltid på norsk. Det handler om det store og det vesle, om lengt, kjærleik, eksistens, om det korte stykket me finst, innimellom uendelegheitene. To tekstar er óg signert diktarhøvding André Bjerke.

PÅ SCENEN
Ruben Dalen – trommer
Stian S. Hansen – bass
Vidar Schanche - gitarar
Erlend Wold - tangentar

FYSISK UTGJEVING
Kjell Inge gjer ikke berre ut elektronisk, han likar å halde musikken mellom hendene. Difor: CD – med teksthefte! På konserten vil bli sjanse for å skaffe seg signerte spesialutgaver av albumet, faktisk dagen før sjølve utgjevinga.

OG TITTELEN? 
Tjernet i skogen lokkar –og skjuler løyndomar. Det er som i liva våre: nokre gonger virvlast det gamle opp fra botnen, me arbeider oss gjennom det – og lyset som då skjærer gjennom det fallande mudderet er vakrare enn nokon gong.

Bilete