Julelegender – i Moster Amfi

>> eller ring 51 53 70 00.

Kjell Inge Torgersen si kritikarroste forestilling kjem igjen til Moster Amfi!

Julelegender er noko anna enn ein vanleg julekonsert. Julelegender er ein stad å senke skuldrene, ta med familie og vener for å høyre både ei god historie og ny og kjend musikk som høyrer jula til. Du får nærmast ei visuell lydbok.

Arrangøren seier –

For to år sidan gjesta Kjell Inge Torgersen Moster Amfi med sin kritikarroste forteljingskonsert - "Julelegender". No er han tilbake for å dela ekte julestemning med oss.

Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant.

«BEFRIENDE JULESTUND»

Stavanger Aftenblad har tidlegare kasta fleire terningkast 5 for forestillingane og kalt dei ei «befriende julestund» med «dristige tolkningar». Mange begeistra tilbakemeldingar har kome frå folk etter utselde forestillingar.

Amfisalen i Moster Amfi tar 150 gjester og er eit steinrom med utsøkt akustikk.

MUSIKARANE

Gitarist og arrangør Aril Schøld har skrive fine og nye arrangement til kjente og nye songar som høyrer jula til, og multimusikaren Karl-Dag Kjosavik er med på kontrabass, tangentar og kor. Torgersen er på vokal og tekst.

BILLETTAR

Kr. 275,- hos www.bomlo.net
eller tlf. 53 42 66 20 hos Moster Amfi

Billettar kan òg kjøpast ved inngangen, viss det er ledig.

Bilete

Julelegender:2015 – Moster Amfi
Julelegender:2015 – Moster Amfi
Karl-Dag Kjosavik, Kjell Inge Torgersen, Aril Schøld
Karl-Dag Kjosavik, Kjell Inge Torgersen, Aril Schøld