Ideen til Hold meg, tål meg kom i grunnen den dagen eg blei 25 år. Det var då eg plutseleg oppdaga at nokon kom bak meg. Ikkje sant: eg hadde alltid vore yngst, alltid friskast, på høgda med trendane og eg forakta det etablerte. Men her kom dei nye unge, dei hippe, dei som skulle setja meg til veggs, måla og vegja det eg hadde sagt. Og gjort. Det kjentes som dei kom for å brenna mine bruer. Akkurat slik eg hadde vore.
Eg trur ei viktig krise i mannens liv er denne: 25-årskrisa. (40-årskrisa er jo berre ei forsinka russetid.) Det å oppdaga at det alltid kjem ein generasjon etter, ein generasjon som skrik etter å styra tida – men samtidig etter å bli tålt. Hold meg, tål meg er oppgjøret med meg sjølv som 19-åring og 39-åring. Og 69-åring.
Eller: Kva ville eg, som 19-åring tykkja om meg sjølv som 39-åring? Eg er redd eg ikkje hadde vore nådig. Og kva med 69-åringen? Alle generasjonar tar utgangspunkt i det som har skjedd, og må forkasta noko - og ta vare på det besta. Det er ikkje alle dine bruer eg skal setja fyr på. Eg er jo ikkje den same nå - som eg var som 19-åring.