![]() |
|||||||||||
| cd julelegender/gnist/aks av gull | APP | nytt | konsertar | lyd+video | omtalar | anmeldingar | media | |||||||||||
|
NY CD
|
|||||||||||
|
| Klikk på biletet for stor versjon |
Har du sett utdrag frå konsertar med Kjell Inge Torgersen og ensemblet Te i Sahara på tv tidlegare? Nå kan du sjå ein heil konsert - inkludert ein bonussong!
I tillegg til å framføra alle songane frå prosjektet "Aks av gull", har Kjell Inge óg fått retten til å framføra si tolking av Stings "Brought to my senses" frå "Mercury Falling". Forvent ein sprelsk og annleis versjon av denne låta, som på norsk har fått tittelen "Vit til å sansa".
DVD-en blei sloppen 26. mars '07, og er tilgjengeleg i alle gode butikkar.
Ei samla platebransje står bak initiativet "Piracy Kills Music". Som frittståande artist støttar Kjell inge Torgersen initiativet 100%. Å leva av musikk og vera musikar i Noreg er ikkje noko ein kan gjera kvart år (om ein ikkje slår grisehardt gjennom). Og det hjelper liksom ikkje situasjonen om folk lastar ned "gratis" musikk frå skumle nettstader i Russland. Støtt musikarar - kjøp CD (eller betalte musikkfiler - sjølv om eg ikkje heilt skjønar at nokon vil det. Men det er no mi meining. Eg stoppar no. :-) ) Vér gjerne ueinig! Send meg ein e-post på post[a]kjellingetorgersen.no
20.12.11: Gå til Facebook og trykk "liker". Der finn du nå ein pågåande trekning om gratis app til iPad: "Legenden om Julerosene". Du kan óg høyra utdrag frå appen.
NÅ: "Legenden om Julerosen" tilgjengeleg som illustrert lydbok på App Store for iPad. Kjell Inge Torgersen les Selma Lagerlöfs vakre historie og Tuva Moen Holm har illustrert. Med musikk frå "Julelegender".
Klikk her for meir info, eller knappen over for å gå direkte til iTunes.
Her er lenke til intervju i dag i NRK. Klikk deg fram til ca 24:00 (etter Morten Abel).
Forestillingen "Julelegender:2011"
Regi: Svein Harry Schöttker Hauge
På tredje året speler Kjell Inge Torgersen forestillingar - og denne gong med heilt ny forteljing og med ny cd.
I eksklusive bispekapellet ved Stavanger Domkirke åpnar han for nye opplevingar, og har med seg Svein Harry Schöttker Hauge på regi og manusutvikling og Aril Schøld på akustisk gitar og kor.
Bispekapellet tar 60 gjester per forestilling og har akustikk i særklasse.
220,- pr billett.
Billettar hos www.BILLETTSERVICE.no
- eller tlf. 51537000.
Òg
i sal i Stavanger Konserthus, Billettkontoret Domkirkeplassen,
Rogaland Teater m.fl.
CDen "Julelegender" inneheld musikk for juletida. Plata blir lansert 18.11.2011. Her er både gjendiktingar, tradisjonsmusikk og nyskriven musikk av Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld. Produsent er dyktige Håkon Iversen (Bjørn Eidsvåg m.fl.)
Saman med produsent Håkon Iversen, speler Kjell Inge T. og hans faste kumpan Aril Schøld i desse dager inn grunnrisset til årets julelansering: musikken frå dei siste to sesongane av "Julelegender". Det skjer mykje nytt og spanande med alle låtane.
Premiere på "Julelegender 2010" 6. desember 2010, og Stavanger Aftenblad anmeldte forestillinga slik: "Befriende julestund. Torgersen synger flott og blir utmerket akkompagnert av Aril Schøld. Dristige tolkninger på nynorsk. Lesning: Artisten har heldigvis forstått at enkel framføring holder når teksten er sterk. Bra."
Og me gler oss til nye 11 forestillingar! Sjå speleplan til venstre.
www.billettservice.no
Sjå speleplan i feltet til venstre.
![]() |
| Klikk for stor versjon |
Litt historie: "Terningkast 5 i Stavanger Aftenblad og begeistra tilbakemeldingar frå utselde forestillingar."
I 2009 og 2010 har Kjell Inge Torgersen lånt stemme til Universitetet i Stavanger si satsing på å gjera tilgjengelig fag på internett. Han har mellom anna lese inn filosofihistorie, vitskapsfilosofi og mykje anatomi og fysiologi.
- Veldig kjekt, seier Kjell Inge. Eg lærer faktisk mykje og syns det er rasande moro. Dokumenta der lyden blir baka inn, blir som Harrypotter-dokument, med både film, animasjon, oppgåver og høgtlesing.
Stavanger Aftenblad: "Gjenoppdag hvilepulsen og gir ned. Terningkast 5."
![]() |
| Klikk for stor versjon |
7.-11. desember '09 spelte Kjell Inge Torgersen intimkonsertserien "Julelegender" i Bispekapellet i Stavanger sentrum.
EKSTRA-forestillingar blei satt opp fredag 11.12 kl. 18 og 1930.
Speleplan her: Nytt
Facebooksida her.
Meir om fleire konsertar i konsertlista.
Tenk at det finnes ei julebygd - heile året gjennom. Til denne Julebygda på Malmheim, sør for Sandnes, kjem Kjell Inge med heile sitt ensemble og gjør årets store julekonsert, saman med det lokale skolekoret. Sånt er jo høgdepunkt nå like før jul.
Dette blir ein spesiell konsert, med eit godt utdrag frå Selma Lagerlöfs legende som nettopp blei spelt i bispekapellet i Stavanger, sjå under.
Billettinfo på julebygda.com
Saman med gitarist Svein Olav Hyttebakk spelar Kjell Inge Torgersen låtar frå Aks av gull og Gnist laurdag 4. juli ('09) kl 14 på Arneageren. Gratis! Kom og spis is og slapp av.
Våren har peika ut fleire konsertar, og felleskonserten med Astrid Kloster på Sandnes Brygge er ein av dei eg gler meg til. Jovisst, eg gler meg alltid til å spela, men det er spesielt å gjøra ting saman slik. (Konserten er støtta av Sandnes kommune.)
--
Skriv for PITSJKjell Inge Torgersen skriv fleire tekstar til det nye albumet frå vokalgruppa Pitsj. Albumet kjem til hausten '09. Kjell Inge set stor pris på utfordringa!
--
GULLRUTEN-VINNER featuring Kjell Inge TorgersenProdusent Morten Daae og hans kolleger i Snitt film hanka inn ein fantastisk GULLRUTEN-seier med dokumentaren "Min datter, terroristen". Kjell Inge Torgersen bidrar med vokal på soundtracket til denne viktige filmen. Soundtracket er skrive av Stein Berge Svendsen.
Filmen vil bli vist på TV2.
Sjå utdelinga her. Gå til Snitt her.
--
Musikkvideo med Ole PausLike oppunder jul ('08) lanserte me musikk-videoen til Fugl av fred. Sjå Ole Paus og Kjell Inge i fredeleg og formfullendt samsong på internett og NRK Norsk på Norsk svisj. Sjå han óg her.
--
Konsertar i februar saman med Ole Paus:
11. februar '09 i Horten (Bakkenteigen kulturhus)
14. februar '09 i Volda (Aasentunet)
--
Stavanger Aftenblad kåra sjølv ymse høgdepunkt for 2008. SA-fotografen Pål Christensen var tydelegvis nøgd med å pynta Kjell Inges skalle med lauv. Og slik blei han eit visuelt høgdepunkt for 2008.
Kjell Inge kan ikkje hugsa å ha vore det før - så det er eit stort kompliment. :-)
Høgoppløyst bilete på mediasidene.
--
NRK TV var til stades og filma under heile konserten. Innslaget finn du her. Og nå har nokon også lagt det ut på youtube...
2. oktober kl 19.30 spelar Kjell Inge og ensemblet Te i Sahara i Sirdal kulturhus. Avisa Sirdølen skreiv om konserten.
Konsertar
I VG 23.9, fyker "Gnist" direkte inn på ein 12. plass - og ein 7. plass på norsklista. Dette er uverkeleg gøy! Sjekk VG-40 og VG-norsk.
Poesifestivalen i Ulvik var ei kjempefin oppdaging. Me spelte for ein fullstappa sal og eit varmt publikum i "Elvatun" og blei glade i staden! Les meir om konsertar.
Lanseringskonserten i Stavanger blir lagt til den kanskje største offentlege løyndomen i Stavanger - nemleg Havnetunnelen.
Om du står med ryggen mot Fiskekummane og Vågen vil du stira inn mot eit forlatt togspor, eit hol som forsvinn i magen på Stavanger. Her inne skal Kjell Inge & Te i Sahara gje folk ei oppleving som dei aldri har hatt før.
Conventor AS tar alt det fantastisk tekniske med lyd og lys og slikt. Takk!
Konserten startar kl. 20
På den velinnspelte klubben Herr Nilsen, kjem Kjell Inge & Te i Sahara for å gjera lanseringskonsert. Her har me aldri vore før, og me gler oss! Les meir: Konsertar
Fyrste uka fór Fugl av fred med Ole Paus og Kjell Inge inn på 4. plass! Det er beste nokonsinne! Takk til alle som stemte! - og stem gjerne for neste uke også. Kjem me høgare?
Gå til [myspace] for å høyra låtar. Frista for å stemma går ut tirsdag 9.9.08 kl. 11. Gå til Norsktoppens stemmeside her.
Fyrste halvdel av næraste framtid kan du sjå og høyra Kjell Inge & ensemblet Te i Sahara på ein stad nær deg:Herr Nilsen (Oslo), Havnetunnelen (Stavanger), Ulvik Poesifestival (Hardanger), er nokre av dei. Les meir om konsertar her.
Fugl av fred er andre singel frå det kommande albumet "Gnist". Om Kjell Inge skulle velja duett frå øverste hylle - er Ole Paus der. Og det er nettopp Ole Paus Kjell Inge syng saman med på denne songen. Magisk. Høyr utdrag her. For media: ta kontakt for heile songen.
Hold meg, tål meg er fyrste singel frå det kommande albumet "Gnist", og kjem på "norsklista" i NRK P1 frå 4. august. Hold øyra spissa - så kjem han inn i øyra dine snart. Høyr utdrag her.
Lurer du på kva songen handlar om? Kjell Inge gir nokre peikepinnar her.
Kjell Inge mottok kulturstipend frå Rogaland Fylkeskommune 13.6.08 til innspeling av den nye plata GNIST. Stavanger Aftenblad rapporter litt slentrande frå saka. Korrigering: Kjell Inge skriv musikk saman med Aril Schøld på den nye plata, og på tekstsida bidrar både Emil Skartveit og Waade.
Sjå artikkel i Stavanger Aftenblad her.
Veeheel! Kjell Inge gjorde eit slapt reiknestykke på direkten på TV-Vest torsdag 29.5 (spol fram til ca 13:20). I intervjuet om den nye cden som kjem 15. september, sa han at om folk i Stavanger legg av 50 øre pr dag fram til lansering, skulle dei ha nok til å kjøpa cden.
- Nokon gjorde meg merksam på at med slik matematikk, kjem plata til å bli seld for ein skarve 50-lapp (54,- for å være nøyaktig). Heh. Men. Altså. Ok. Klart eg står ved det. Dei FEM FØRSTE som sender meg ein e-post med emnet "Eg vil ha ny plate, og eg vil ha ho billig", skal få ho tilsendt i posten, signert - for kr 54,- + porto når ho blir lansert! (Det var sjølvsagt dette eg meinte. Dei må ha klypt vekk resten. Kors på halsen, og nesten ingen lygekryss.)
Så kom an! :-) - Kjell Inge
Nytt for dei innvia! Kjell Inge og gitarist og kongearrangør Aril Schøld er i desse dagar i studio for å jobba med preproduksjonen til det som skal bli neste album!
- Dette albumet kjem til å vera i liknande muskalske landskap som forrige album, men materialet er heilt nytt og tekstane er heilt nye, og fullstendig urøynte på verda. Eg gler meg til å servera nye ting! Og saker. Seier Kjell Inge.
Jentegruppa Pitsj syng Kjell Inge Torgersens tekst "Skjøre" på NRK1. Og elles når det passar dei. Veldig hyggeleg å høyra at teksten fell i smak.
Både i Ål, Drammen og Lillehammer blei turneen skriven om (omskriven?) av pressa. Drammens Tidende gir terningkast 5 - og me jublar! Les meir her.
Kjell Inge og Aril Schøld blei intervjua av TV-Vest før konserten i Stavanger konserthus torsdag 5.7. (Innslaget startar om lag 12min30sek ut i sendinga). Deretter konkurrerte dei på kniven om kven som var raskast å setja opp ein fluktstol. Etter Arils første flukt, var dei klåre.. (TV-klippet er no fjerna frå nettsidene deira, men kanskje det dukkar opp seinare.)
Aks av gull er tilgjengeleg som studiovideo på NRK1 på syndagar. Du kan sjå 30 sekund her, og stemma fram heile videoen på tv.
Send ein e-post til post[a]kjellingetorgersen.no, om du vil ha info om Kjell Inge rett i postboksen. Skriv: "Hei! Send meg info om ting som skjer."
Saknar du Aks av gull-sidene? Dei finn du her, i arkivet.
Video: Fugl av fred (med Ole Paus):
Video: NRK-TV innslag fra magiske Havnetunnelen
Video: videodagbok fra Gnist:
Lyd: Lyst på litt av singelen Fugl av fred?
Lyd: Lyst på litt av singelen Hold meg, tål meg?
Bilde: Lyst på ein lengre kikk inn i Havnetunnelen?
[Foto: Petro og Waade]
Film: Sjå NRK-innslag frå Havnetunnelen (eller YouTube)
Lyst på booking?
Ta kontakt med Kjell Inge Torgersen på e-post
-
eller +47 90070619.
Facebook:
Einar M. Schistad, Kulturhusleder Nøtterøy kulturhus:
"Kjære Kjell Inge & Te i Sahara! Tusen takk for den sterke og gode opplevelsen dere ga oss i Nøtterøy Kulturhus. Deres fremføring og sceneutstråling, kombinert med de meget gode gjendiktingene av Stings kjente (og mindre kjente) låter, gjorde at vi som arrangører nok en gang kunne smile. Publikum hadde fått en opplevelse ut over det de forventet, og det at 70% av publikum stod i kø for å sikre seg cd’en etter konserten sier vel sitt! Lykke til videre på reisen i livet… Håper dere finner veien tilbake til oss!"
Jærnåttå (tidl Jæren Musikkfestival):
2006:
"Når vi i år feiret 15-års jubileum, var det med den tyngste artistlisten i Jærnåttås historie. Og som en takk til jærbuen, som i alle år har støttet opp om festivalen og gjort den til sin egen, inviterte vi til gratis åpningskonsert i Storstova på Jæren. Konserten var Kjell Inge Torgersens ”Te i Sahara,” og til tross for årets spennende artistmeny, ble dette en av festivalens største musikkopplevelser."
Telemarksavisa, Stavanger Aftenblad, Tønsbergs blad.
Rogalands Avis
Rakkestad Avis
Lofotposten
TVNorge
Avis2
Stavanger Aftenblad
Vårt Land: Sting på nynorsk
Romerikes Blad: Åpning med Sting
Anmeldingar for albumet GNIST byrja å komma inn frå like før utgivingsdato 15.9.08:
ROGALANDS AVIS: "Gnistrende sjarm. Høsten blir rett og slett finere med Torgersen på øret. Torgersen er stødig som et fjell hele platen gjennom og mister aldri bakkekontakten. Han trollbinder og sjarmerer deg i senk med den ene godbiten etter den andre på en særdeles naturlig og avslappet måte. Lybildet er akustisk, med mye vokal sammen med gitar, cello, fiolin og bass. På toppen av det hele er tekstene så gode at de fint kan leve sitt eget liv uten musikken. Resultatet er 12 sanger som fester seg ved første gjennomlytting, og som bare vokser for hver gang. Et deilig avbrekk i en ellers så mørk og regnfull hveredag." Les pdf (7.10.08)
BERGENS TIDENDE: "Med en nesten unik tilstedeværelse formidler han store følelser og vakre melodier, nennsomt pakket inn i strykerarrangementer og et akustisk uttrykk – samtidig som han unngår klisjeer og overspill med befriende margin. Noe som gjør det lett å velte seg uhemmet i de gylne, melankolske øyeblikkene. [...] At Kjell Inge Torgersen gir norsk visepop et betydelig tilskudd med «Gnist», er det liten grunn til å tvile på." (23.9.08) Les pdf
VÅRT LAND: "Akustiskpregede viser med tekster som er tett på livet; det såre, kjempende, gode livet. Også melodiene vare, vakre, litt vemodsfylte, men likefult gnistrende og bejaende. Torgersen synger sangene med stor innlevelse. Han framfører dem ikke, men deler dem med oss." [16.9.08]
TØNSBERGS BLAD: "'Fugl av fred', med Torgersen-helt Ole Paus på duettvokal, er en særdeles vakker viseperle [...] "Gnist" kan absolutt være en klok investering å gjøre, spesielt nå som høsten igjen ser ut til å banke på døren." [15.9.08]
VG: "Finfint destillat av voksen norsk vestkystpop. [...] Her er det rett og slett små doser av både Bjørn Eidsvåg, Sigvart Dagsland og Vamp; lette, iørefallende poplåter som synges med innsmigrende overbevisning og varme. [...] Et flott tilskudd på en allerede rik poptradisjon fra Sørvestlandet! Anbefalte kjøp: «Hold meg, tål meg», «Dag blir natt», «Lumske spel» og «Meir enn et namn»." [23.9.08]
STAVANGER AFTENBLAD: "Torgersen & Co holder bevisst igjen, og bidrar dermed til å lede oppmerksomheten mot stemningen og detaljene i tekster og melodier. «Gnist» er en vakkert produsert «less is more»-utgivelse."
..
Kommentar til SA-anmeldinga: Det mest interessante av alt er at Stavanger Aftenblad verken høyrer fiolin eller cello på plata - MEN finn både piano og trommer på spora! Les sjølv jpg
For å avklara ein gong for alle: På Gnist spelar gitarist Aril Schøld, kontrabassist Karl-Dag Kjosavik, fiolinist Bjarte Mo og cellist Ilmari Hopkins. Nix trommer eller piano.
Forøvrig må eg heilt ha gløymt å takka Økland, Lindvall (x2) og Lilletvedt som ifølgje Aftenbladet deltar på innspelinga. Eg beklager - eg visste ikkje om det, ser de. ;-)
---
[..] Torgersen har overhodet ikke laget billige og enkle coverversjoner. Det er spennende å lytte til. [..] bringer frem melodienes styrke og melankolien med smale arrangementer [..] Torgersen får fram essensen i Stings musikk, samt gir et sterkt personlig preg på musikken. [..] Vakkert! Anbefales!" (21.08.06)
Gå til Musiq
"Resultatet er en ypperlig sammensetting av ord som treffer den opprinnelige teksten svært godt.[..] Dette er ei spennende plate!" (22.08.06)
Gå til Trønderavisa
"Torgersens tekster er poetiske og bildeskapende. Mannen synger pustfylt, nervefylt og behagende. [..] og har gjort de utvalgte Sting-låtene til sine egne gjennom stemningssterke arrangementer som på ingen måte kopierer originalversjonene. [..] Det kunne ha endt med et gedigent snublefall i klisjéåkeren, men er aldri i nærheten av å miste balansen." (22.08.06)
Gå til Varden
"skaper den levende poesien. [..] en plate som vokser for hver eneste gjennomspilling. Noen kopi er det ikke." (22.08.06)
Gå til FB
"La ikke et ukjent navn bli til hinder for å sjekke ut rogalendingen.[..] Lar du det skje, går du nemlig glipp av en aldri så liten opplevelse.[..] Torgersen leverer en svært gjennomarbeidet og kvalitetssterk utgivelse. [..] Ole Paus' ord er treffende og velfortjente! Anbefales! " (16.08.06)
Gå til SA
"...resultatet er forbløffende bra [..] Arrangementene til Aril Schøld er fornuftige og stramme. Det er en kunstform å ikke gjøre skam på opphavet. Torgersen har truffet meget godt." (22.08.06)
"For ikke bare er Torgersens tolkninger gjennomført smakfulle, han tilfører også noe av dette materialet en ny dimensjon. Som tidvis er rent vakker." (30.08.06)
Gå til BA
"9 av 10 for mot!" Gode gjendiktninger, godt levert. 7 av 10 totalt. Les meir
Romerikes Blad om opningskonserten under Elvefestivalen (8.8.2007):
"Allerede etter første sang ble det klappet frisk og entusiastisk i kulturhuset."
Jærbladets anmeldar av konsert:
"Løp og kjøp! Førsteinntrykket av tekstane er imponerande [...] poetisk og vakker nynorsk [...] tekstane var sterke, både språkleg og melodisk. [...] musikken var arrangert enkelt og fint [...] varierte uttrykk."
- Kjell Inge Torgersen og ensemblet "Te i Sahara" opna Jærnåttå fredag 26. mai 2006.
"Vellykket og alternativt" - gå til Tønsberg blad

Kjell Inge Torgersen | post[krøll]kjellingetorgersen.no