Heim

Musikar • Stemme

Meny
  • Heim
  • Musikk (meir)
  • Stemme (meir)
  • Anmeldingar
  • Kalender
  • Aktuelt
  • Media
  • Kontakt/Booking

Julelegender:2016 – i eventyrslottet Bethel

God forteljing, god musikk og overraskingar – i eventyrslottet "Bethel" i Stavanger. Kjøp billettar her.

Julelegender:2016
Julelegender:2016
01.11.2016

Kjøp billettar her

Bethel, mandag 19. desember 2016 kl. 18 og 21
Bethel, tirsdag 20. desember 2016 kl. 18 og 21

>> eller ring tlf. 51 53 70 00.

--

Også i år!

19. og 20. desember 2016 inviterer Kjell Inge Torgersen til nye Julelegender – ei skuldersenkande og annleis juleoppleving. I år åpnar dei eit eventyrslott midt i byens funkisbetong – "Bethel" på Løkkeveien i Stavanger, med utsøkt akustikk og spesiell arkitektur. Gitarist og arrangør Aril Schøld og Dag Sindre Vagle på fløyter, gitarar og song står for dei musikalske legendene.

Gjenhøyr med Julerosene

Fyrste Julelegender i 2009 blei spelt over "Legenden om Julerosene" av Selma Lagerlöf, i ny omsetjing og bearbeiding av Torgersen. Sidan 2009 har mange andre legender blitt fortald – men då mange ønskjer det, gjenopplever me i år magien i forteljinga til Selma Lagerlöf.

...på ein ny stad!

I år inviterer me til ein nesten ukjend konsertstad for mange stavangerfolk – den litt gløymte «Bethel». Like bak Stavanger Svømmehall, midt på Løkkeveien ligg dette eventyrslottet og lokkar med sin spesielle arkitektur. Bethel tar 200 gjester per forestilling og har utsøkt akustikk.

«Befriende julestund»

Stavanger Aftenblad har tidlegare kasta fleire terningkast 5 for forestillingane og kalt dei ei "befriende julestund" med "dristige tolkninger". Mange begeistra tilbakemeldingar har kome frå folk etter utselde forestillingar.

Moster Amfi seier: «Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar – og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant.»

Julelegender har blitt ein tradisjon for mange – og er noko meir enn ein vanleg julekonsert. Familie og vener får her høyre både ei god historie, og ny og kjend musikk som høyrer jula til – som i eit visuelt radioteater.

Forestillinga er eit samarbeid mellom tilfellet.torgersen as og LIFESOUND.

Velkommen til årets Julelegender!

 

 

Anna aktuelt

  • Stavanger Aftenblad om Mudderlys
  • Konferansier og tekstformidlar
  • Turné for Den kulturelle skolesekken: "Kjerkå – ein musikalsk arkitek-tur"
  • Om albumet Mudderlys
  • Mudderlys • Portrettbilde

Kontakt/Booking

Booking: post@kjellingetorgersen.no / +47 900 70 619

Meld deg på e-postlista Kjell Inge Torgersens brev her.

Kjell Inge på Facebook

Offisiell side for sanger, tekstforfattar og låtskrivar Kjell Inge Torgersen.

Kjell Inge på Spotify

Til toppen av sida ∴ Design & utvikling Sømme

© 2018 Kjell Inge Torgersen - Logg in