Amor Fati i singelversjon

Dette er foreløpig siste singel frå albumet Mudderlys.

Dette er foreløpig siste singel frå albumet Mudderlys. Me hadde så lyst til å få han til å nå lengre ut – så her finn du han i ny radioversjon. Musikk: Stian Schøld Hansen og underteikna, saman med Ruben Dalen.

Andrè Bjerke

Ein har forbilder. Ein av mine er André Bjerke. Han har skrive og gjort så mykje. Var tonegjevande i etterkrigstidas kulturdebattar. Har ein rik og variert produksjon. Har gjendikta imponerande mykje. Og alt er gjort med klårheit og eleganse. I arbeidet med «Mudderlys» står Amor Fati som ei slags ledestjerne, både for produksjonen og erfaringane eg har gjort meg i tida som har gått sidan førre album, i denne skjøre eksistensen vår, innimellom uendelegheitane på båe sider av livet. Eg er takksam overfor barna til André Bjerke, som har gitt oss lov til å både tonesette og framføre denne sterke teksten på mi dialekt. Det er generøst.

Peter Normann Waage sin glitrande biografi om André Bjerke som kom ut sommaren 2018, kjem det fram at Bjerke sjølv valde seg "Amor Fati" som noko av det beste han hadde skrive. Når både Stian (produsent) og eg fann André Bjerke på kvar vår kant under produksjonen, kallar dei det på engelsk synchronicity; eit underleg samanfall av omstende. Slike blei diktet ei slags ledestjerne under heile prosessen med albumet og gjennom denne skjøre eksistensen vår som er livet. Amor Fati – elsk din skjebne. Så får me alle elske skjebnene våre på kvar våre vis. Eg les dette diktet – ikkje som eit knefall for ei 'kva som helst' skjebne, men som ei evne til å godta det du ikkje kan gjere noko med. Og så treng me visdommen til å skilje desse to frå kvarandre.

Omslag: tilfellet.torgersen as. Foto: Morten Berentsen.

Spotify: bit.ly/amorspotify
Apple Music: bit.ly/amorapple
Tidal: bit.ly/amortidal

Bilete

Omslag til Amor Fati (radioversjon). Form: tilfellet.torgersen. Foto: Morten Berentsen
Omslag til Amor Fati (radioversjon). Form: tilfellet.torgersen. Foto: Morten Berentsen

Meir i kategorien aktuelt