Topp-bilde Kjell Inge Torgersen
 
heim | konsertar

Nytt!

Send ein e-post til post[krøll]kjellingetorgersen.no, om du vil ha info om Kjell Inge rett i postboksen. Skriv: "Hei! Send meg info om ting som skjer."

heilt Nye saker - og ikkje minst ting

Kjell Inge Torgersen og gitarist og arrangør Aril Schøld er i desse dagar i studio for å jobba med preproduksjonen til det som skal bli neste album!

- Dette albumet kjem til å vera i liknande muskalske landskap som førre album, men materialet er heilt nytt og tekstane er heilt nye, og fullstendig urøynte på verda. Eg gler meg til å servera nye ting! Og saker. Seier Kjell Inge.

Konsertar og festivalar

Kjell Inge og ensemblet Te i Sahara har heldt fleire konsertar og deltar på festivalar i 2007. Deriblant Dei Nynorske Festspela, Egersund Visefestival, Elvefestivalen i Nes, Festspillene i Elverum, samt ein østlandsturne i september. Og meir.

Romerikes Blad om konserten i Nes.

TurnÉ TIL Østlandet, september 2007:

Fyrst og fremst: Takk til deg som kom på konsert! Det er fyrst når ein deler at ein får meir, og me fekk mykje glede av dele musikk og tekstar med dykk. Takk! :-) Me håpar å komma igjen ved seinare høve. På turneen fekk me oppleva alt frå hemmelege klubbar (Drammen Teater med 25 gjester) til fullsett sal (Ål). Uansett syng me alltid for ein om gongen, så dette tar me med oss som fine opplevingar og erfaringar.

300 px konser,  Drammens Tidende 25.09.07

Drammens Tidende

Miniatyr konsertomtale GD 28.9.07

GD (Lillehammer)

Kom pressa? Alltid spennande. Både Hallingdølen i Ål, Drammens Tidende og GD (Lillehammer) var til stades under konsertane våre på turneen. Det er me veldig glade for - og ekstra glade for at dei skriv fint om oss:

Hallingdølen: "Fullsett Trugeholu i Ål. Rogalending hadde full stemmekontroll. Torgersen har gjort tekstane til sine."

Drammens Tidende: terningkast 5 ..."Dette var virkelig bra! [...] Han drar sine egne bilder fra Stavanger ut av tekstene - det blir interessant. Overraskende levende, viril og glad i Sting og poetiske bilder leverte Kjell Inge Torgersen og hans band en forestilling som man bør ønske tilbake til Drammen. Med en helt annen velkomst!"

GD: "Torgersen gjorde seg fortjent til hvert blikk, hver ytre og indre bevegelse fra publikums side. Han ga en forestilling krydret med fortellinger og anekdoter. Han har greid å skape et nytt innhold med en unik nærhet av kjente låter. Med sin særegne stemme varmet Torgersen fort opp kirkerommet [...] og krøp skikkelig under huden. På svært underholdende vis lot han publikum få del i prosessen fram mot "Aks av gull". Torgersen har gjort gull av gull med sine gjendiktninger."

Andre avgjerande bilete...

Avgjerande bilete frå østlandsturneen (det vil seie: frå dei stadene kor eg hugsa å ta bilete...) :

 

Hallingdølen redaksjon

Starten på turneen var i Ål i Hallingdal, Hellbillies-heimland. Og Hellbillies-lydmannen gav oss ein veldig god start på gleda.

Hallingdølen var for øvrig óg til stades på konserten vår i Ål i Hallingdal. Dei tok bilete av oss.

Så då tok me bilete av dei, frå hotellrommet. :-)

 

Seljord hotel

Seljord hotell serverer, i følgje Te i Saharas talsmann og musikalske trollmann, Aril Schøld, dei beste kalvemedaljongane på østlandet. Reis aldri, aldri forbi utan å smaka.

Dei har for øvrig óg ei flott Chesterfield-stove kor du på kveldstid kan sitja rett i ryggen og lesa og kjenna lukta av gammal piperøyk. Det gjorde eg etter konserten. Ei herleg, nesten-britisk oppleving. Reis!

 

Leon Trotskys rom

...og! Ikkje minst. Eg sov på sjølvsame rom som Leon Trotski bodde på då han røymde Russland frå Stalin på vei til Mexico, jaga av nazistar gjennom Noreg. Historisk sus i Seljord!

Nøtterøyspeling

Glad og nøgd etter speling på Nøtterøy kulturhus, omgitt av plakatar av ymse storleiker som har spelt der før oss.

 

Ta elles ein kikk på konsertlista under, eller klikk i menyen over. Det er same ulla.

Beat av gull

Kjell Inge er deltakar i det populære sangkonkurransen Beat for Beat 30. mars 2007. Saman med Torolf Nordbø (Han Innante), skal dei freista lukka mot Vivian og Maren (begge mest kjende frå Idol).

- Det er eit under om me får poeng i det heile, glisar ein lettare nervøs Torolf Nordbø.

NRKs omtale av programmet finn du her.

Kalendergutane

Søndag 17.12 kl. 12.30 gir Kjell Inge & Te i Sahara julebrunsj-konsert i samkjøring med Kulturby Stavanger 2008 sin adventskalender. Dette skjer på Tou Scene i Stavanger, og fleire forfattarar er også med og les frå sine verk.

vakker Info frÅ plateselskapet

Reminder fra plateselskapet

Konsert frÅ Utstein Kloster pÅ NRK P1-scenen

Lytt på radio! 1. desember og 15. desember kan du i P1-scenen høyra kvar sin halvpart av konserten Kjell Inge Torgersen & Te i Sahara haldt i Utstein Kloster 20. oktober.

P1-scenen går fredager kl. 2205.

NRK P1 Radio
1. desember kl. 2205 og
15. desember kl. 2205
OPPDATERT: reprise blei sendt 11. mai 2007.

NRKs Store Julekonsert / Frelsesarmeens julekonsert i Oslo

Me gler oss og er stolte over å at me fekk delta på scena i julekonserten i Oslo konserthus 19. november 2006. Frelsesarmeen gjør ikkje noko mindre enn eit fantastisk arbeid.

TV-opptaket blir sendt 9. desember og sjølvaste julafta.

Nynorske litteraturdagar i FlÅm

Me spelar seint, seint i Flåm, langt, langt inni Aurland, fredag 3. november 2006. Det heiter Nynorske Litteraturdagar - og, huhei hvor det blåser på Gjendineggen. Sjå Aurland kommune sin omtale her, eller heile programmet her (pdf).

Aks av gull — ein hit!

Andre uke etter lansering begynte butikkane å rapportera om utsolgte hyller! Ein særdeles flott nyheit — sjølv om det gjorde at me ramla rett ut av VG-lista (som jo er basert på sal). (Og distribusjonsapparatet sa: "Plata er heitare enn ei brudavollstaus ei juninatt!") Så fortare enn svint trykka daWorks opp eit nytt opplag. Og enda eit. No er me altså på tredje opplaget (!) - og ligg denne uka på ein fin 21. plass på norsklista.

VG-lista tidlegare: 29. august (ei uke etter lansering) spaserte Aks av gull inn på VG-lista som nesthøgaste nykommar, på ein respektabel 28. plass (etter Outkast). På norsklista ligg albumet på 13. plass. Det er jo berre herleg.

21. august: Lansering i Oslo

Høgtid! Nå er det plateslepp i Oslo for "Aks av gull". Dette har me venta på lenge. (Kjell Inge meiner at det óg må vera høgtid for alle dei som har lagt av penger til å kjøpa albumet - endeleg kan dei få bruka pengane. ;-)

Utdrag av programmet for Kjell Inge for Oslo-turen:

21. august:
- Gjest i Nitimen i NRK P1 - ja, kl 09.
- Intervju med NTB, som sendast ut same dag til fleire aviser i landet
- Gjest i "Rett hjem" i Kanal24, ca. kl. 14

22. august:
- Intervju med Nynorsk pressekontor
- Intervju med Vårt Land
- MinikonsertSmuget i Oslo saman med Aril Schøld

23. august:
- Gjest i TV2 "God Morgen, Norge" saman med Aril Schøld - tidleg, tidleg.
- Gjest i P4 ca kl. 10

-> Så rett på flyet, heim til Stavanger, til lanseringskonsert på Tou Scene

Før konserten: Intervju i TVNorge / TV-Vest før lanseringskonsert
Under konserten: NRK var til stades på lanseringskonserten og -festen. Dei laga 5 minutt lang reportasje som blei sendt i NRK Rogaland fredagen 25.08.06.

djupt i "Musikknytt"

17. august 2006 gjorde NRK P1s "Musikknytt" eit djupare intervju med Kjell Inge. Der snakka me om sjølve innspelinga, om ideane, om bakgrunnen. Du fekk klypp frå fleire låtar, og heile Roxann - den kanskje mest særeigne låta på albumet.

- Fint å få presentere heile albumet, snakka om bakgrunn, idear, gå litt i djupna. Ein interessert (og belest) journalist (samt ein interessert artist!) fekk plass til mykje i løpet av 8 minuttar. Kjekt!

Høyr NRK P1s Musikknytt fra 17. aug '06 her
(7 Mb, mp3 - lagt ut med till.)

NRK P1s Musikknyttsider (streaming audio ligg der i høgre-menyen)

Aks av gull anmeldt i Norsk pÅ Norsk (NRK P1)

"9 av 10 for mot!" Slik innleia anmeldar Per Ole Hagen (musikksjef NRK P1) når albumet blei sete Under Lupen i Norsk på Norsk, fredag 11.8.2006. Og når han så fortsette med at prosjektet landar støtt på beina, er me godt nøgde! Dei skryt av gjendiktningane og det musikalske landskapet - og gir ikkje mindre enn 7 av 10 poeng totalt. Det er ikkje verst frå ein som insisterar på å kalle plata for "coverlåtar".

- Eg er prinsipielt ueinig med han på akkurat det punktet. Eg meiner dette ikkje er "coverlåtar" (noko som er tro mot originalen), men tvert i mot nytolkingar, som gir låtane nytt liv. Me tar eksisterande materiale og gir det ein ny spinn - slik det blir gjort til dømes innanfor klassisk musikk, eller i teateret. Men han om det. :-) KI

Høyr Norsk på Norsk her

Last ned video!

Videopresentasjon av Aks av gull-prosjektetdaWorks har laga ein kort video-dokumentar av Aks av gull-prosjektet, med intervju av Kjell Inge, film frå konsert, fleire låtar frå albumet, og meir til. Last ned!

Treng du DVD-versjon, er Jørn i daWorks meir enn happy for å senda deg ein i posten til promobruk. Ta direkte kontakt med Jørn i daWorks.

"Blurbing"?

Musikknytt i NRK P1 7.8.06 handla i all hovudsak om Aks av gull! Årsaka til denne generøse journalistiske omtala skyldast at både Ole Paus og Håkon Iversen har omtalt albumet i positive vendingar i presseskriva som følgjer med CDen.

- Slikt er vanleg innanfor litteratur i Noreg (Anne B. Ragde, til dømes), men i musikkbransjen er det sjeldan, seier journalisten. Før no, seier eg. :-) KI

Høyr NRK P1s Musikknytt fra 7. aug '06 her
(7 Mb, mp3 - lagt ut med till.)

Gå til NRK P1s Musikknyttsider her

7 veker på Norsktoppen!

7 veker cruisa Tidevatn Norsktoppen, opp og ner - i all slags vér. Og med 7. veker set me altså foreløpig rekord for låtar frå "Aks av gull". :-) (Første veke: 5. plass (lør 27.5.06). Følgjande veker: 6., 9., 5., 10., 10.)

Sjekk NRKs norsktoppsider her!

 

Konsertar

Neste bekrefta:

Kom tilbake og sjekk sidene seinare! (I tillegg held Kjell Inge og Te i Sahara ein god del konsertar for lukka arrangement.)

Send ein e-post til post[a]kjellingetorgersen.no, om du vil ha info om Kjell Inge rett i postboksen. Skriv: "Hei! Send meg info om ting som skjer."

Nå:

24.8.08: LUND, Heskestad kyrkje, kl 20.

15.9.08: OSLO, Lanseringskonsert Gnist, Herr Nilsen. kl. 20.

20.9.08: ULVIK, konsert på Poesifestivalen i Ulvik

2.10.08: SIRDAL, konsert Sirdal kulturhus

Før:

20.1.08: Kirkekonsert i Vardeneset kirke (Stavanger Aftenblad)

13.12.07: Minikonsert på Pastabakeriet i Bryne. Et godt måltid para med god musikk.

08.11:2007: SOLA / Sola Mållags kulturkveld SOLA KULTURHUS (51653460)

Østlandsturné:

27. september '07: LILLEHAMMER / Nordre Ål kirke (Lyd ved Laagen)

26. september '07: NØTTERØY / Kulturhuset

25. september '07: SELJORD / Granvin kulturhus

24. september '07: DRAMMEN / Drammens teater

23. september '07: ÅL / Kulturhuset (Presse: Hallingdølen)

2. september '07: BØMLO / Moster Amfi

1. september '07: FJELL, Bergen / Vestkystfestivalen

19. august '07: VASSØY / GalleriBlaa

8. august '07: NES, Romerike / Nes Kulturhus / Elvefestivalen, opningskonsert

3. august '07: ELVERUM / Festspillene i Elverum

29. juni '07: VOLDA / Dei Nynorske Festspela

16. juni '07: STAVANGER / Konsert Arneageren, sentrum, med Jernbanen Musikkorps.

6. juli '07: EGERSUND / Egersund Visefestival

5. juli '07: STAVANGER / Stavanger konserthus, kl. 11

1. påskedag (8. april): HEILE NOREG / NRK Riks, før kveldsnytt, 8. april. Konsert frå Utstein Kloster

30.03.07: NRK1: Deltagelse Beat for Beat (mogleg at en sang fra Aks av gull dukker opp der... ;-)

27.1.07: STAVANGER / Nyttårskonsert (Jernbanens Musikkorps!)

17.12.06: KULTURBY 2008, Stavanger / Brunsjkonsert kl. 1230 i Tou Scene

10.12.06: STAVANGER / Frelsesarmeens julekonsert

7.12.06: NØTTERØY / Nøtterøy Kulturhus, kl. 20.00

6.12.06: SANDEFJORD / Verdensteateret, kl. 20.00

19.11.06: OSLO Konserthus / Frelsesarmeens julekonsert

3.11.06: AURLAND / Dei nynorske litteraturdagane

26.10.06: TIME / Storstova i Bryne

20.10.06: UTSTEIN KLOSTER. NRK tv- og radiokonsert som skal spelast på Utstein Kloster. Du er hjarteleg velkommen som gjest. Billetter: 160,-. Ring 51 72 47 05 | utstein@online.no

18.10.06: OSLO KONSERTHUS. Minikonsert med Kulturkompaniet kl. 1730-1800.

29.9.06: STAVANGER: Leadership Summit i IMI. 500-600 mennesker til stade.

21.9.06: SOLA RUINKYRKJE: Landssamling for Kirkens Bymisjon

11.9.06: STAVANGER: Song for Fredsprisvinnar Wengari Maathai i eit arrangement hos Melvær&Lien (ærefullt!)

7.9.06: STAVANGER: Song på opning av nytt oljeselskap i Norge: Faroe Petroleum (Færøyene Petroleum).

26.8.06: STAVANGER: "Godhetsfestivalen"

26.8.06: SANDNES: Signeringskonsert på Ivar Skei musikkhandel kl. 13

23.8.06: STAVANGER: RELEASEKONSERT "Aks av gull" kl 2030 i Tou Scene

22.8.06: OSLO: Showcase på SMUGET i Oslo, ca kl. 23.

12.08.06: FINNØY: Hesby kirke, Tomatfestivalen (fullt hus)

30.07.06: STAVANGER Konserthus, foajekonsert (fullt hus)

 

Vakker og vill. Ja, himmelen óg.

Kjell Inge Torgersen | post[krøll]kjellingetorgersen.no