Topp-bilde Kjell Inge Torgersen
 
bestill gnist / aks av gull | nytt | konsertar | musikk+video | booking | mediene meiner | anmeldingar | for mediene

AKS AV GULL 7000 selde!

Du kan kjøpa han i alle gode butikkar...

Aks av gull omslag- eller i daWorks-butikken.

Joda, du kan óg kjøpa enkeltspor til mp3-spelaren din på iTunes eller noko, men eg vil jo heller anbefala deg å spytta i dei ekstra kronene for óg å få det fine omslaget som schäfsdesigner Kjell Ramsdal har laga. Og som eg har skrive ekstra tekster i - til deg. I tillegg er det jo slik at lydkvaliteten på iTunesmusikk, som kjent, lukter ille (128 kbps er nesten det same som ingen lyd i det heile, spør du meg. Sjølv om det jo kjem seg frå enkelte labels, etter kvart. ;-).

Klikk her for å gå til handlesidene til daWorks .
(Det kostar ikkje noko å klikka her!)

Du kan trygt betala med kredittkort (Visa/MasterCard), eller nytta Payex.

Kjell Inge Torgersen-DVD: Aks av gull på Utstein Kloster

DVD: Aks av gull - Kjell Inge Torgersen på Utstein Kloster
Klikk på biletet for stor versjon

Bestill DVD her.

Har du sett utdrag frå konsertar med Kjell Inge Torgersen og ensemblet Te i Sahara på tv tidlegare? Nå kan du sjå ein heil konsert - inkludert ein bonussong!

I tillegg til å framføra alle songane frå prosjektet "Aks av gull", har Kjell Inge óg fått retten til å framføra si tolking av Stings "Brought to my senses" frå "Mercury Falling". Forvent ein sprelsk og annleis versjon av denne låta, som på norsk har fått tittelen "Vit til å sansa".

DVDen blei sloppen 26. mars '07, og er tilgjengeleg i alle gode butikkar.

Piracy kills music

piracykillsmusic.noEi samla platebransje står bak initiativet "Piracy Kills Music". Som frittståande artist støttar Kjell inge Torgersen initiativet 100%. Å leva av musikk og vera musikar i Noreg er ikkje noko ein kan gjera kvart år (om ein ikkje slår grisehardt gjennom). Og det hjelper liksom ikkje situasjonen om folk lastar ned "gratis" musikk frå skumle nettstader i Russland. Støtt musikarar - kjøp CD (eller betalte musikkfiler - sjølv om eg ikkje heilt skjønar at nokon vil det. Men det er no mi meining. Eg stoppar no. :-) ) Vér gjerne ueinig! Send meg ein e-post på post[a]kjellingetorgersen.no

Akustisk, várt og vakkert

Aks av gull inneheld 11 unike gjendiktingar til nynorsk av artisten Stings songar, i splitter ny musikalsk drakt. Tekstane er signert Kjell Inge Torgersen, arrangementa Aril Schøld. Produsent: Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld. Miks: Håkon Iversen (prod. Bjørn Eidsvåg)

Innspeling og miksing

Kjell Inge Torgeren er artisten med den særeigne, vestlandske stemma. Albumet er innspelt live på Utstein Kloster i vindkast og vilt vér, oktober 2005. Miksa av Håkon Iversen dei følgjande månadane, ein av Noregs framste produsentar og lydmenn på akustisk musikk (bl.a. produsert Bjørn Eidsvåg). Med på innspelinga er gitarist Aril Schøld, som óg står for dei heilt nye, akustiske arrangementa på albumet. I tillegg deltar Karl-Dag Kjosavik (kontrabass), Magnhild Mo (cello) og Bjarte Mo (fiolin).

Nytt!

NYTT album i gjæring

Nytt for dei innvia! Kjell Inge og gitarist og kongearrangør Aril Schøld er i desse dagar i studio for å jobba med preproduksjonen til det som skal bli neste album!

- Dette albumet kjem til å vera i liknande muskalske landskap som forrige album, men materialet er heilt nytt og tekstane er heilt nye, og fullstendig urøynte på verda. Eg gler meg til å servera nye ting! Og saker. Seier Kjell Inge.

Skjøre Pitsj

Jentegruppa Pitsj syng Kjell Inge Torgersens tekst "Skjøre" på NRK1. Og elles når det passar dei. Veldig hyggeleg å høyra at teksten fell i smak.

Svært gode anmeldingar frå turne

Miniatyr faximile Drammens Tidende

Både i Ål, Drammen og Lillehammer blei turneen skriven om (omskriven?) av pressa. Drammens Tidende gir terningkast 5 - og me jublar! Les meir her.

The Torgersen Tour'07 vel i hamn!

I Ål i Hallingdal starta gladturen for Kjell Inge & Te i Sahara. Fin stemning og fin jobb på Ål kulturhus. Turen gjekk vidare til Drammen, Seljord (overnatta på rommet til Leo Trotsky!), Nøtterøy og enda lifleg i Lillehammer. Eg har tatt nokre avgjerande bilete frå turen som du kan sjå her. Takk for varm mottaking til alle! Me kjem gjerne igjen.

Hallingdølen thumbnail

(utsikt frå Kjell Inges rom: Hallingdølen, som var til stades på konserten og tok bilete. Så nå har eg bilete av dei.)

Sjå konsertlista

SKJØRE sendt ut til radio

Skjøre blei i uke 33 sendt ut som radiosingel. Lytt her.

Konsert på Moster Amfi

2. september 2007 spelar Kjell Inge Torgersen & Te i Sahara på Moster Amfi.

Konsert på GalleriBlaa / Vassøy

19. august spelar Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld på GalleriBlaa på Vassøy. Billettane har vore utselde i to månader. Les meir om konsertar her.

2007: Festivalar og turné!

Kjell Inge & Te i Sahara spelar på fleire festivalar og held konsertar framover. Utdrag: Dei Nynorske Festspela i juni, Egersund Visefestival i juli, Festspillene i Elverum og Elvefestivalen i august, Fjell Kulturhus og Moster Amfi i september, samt ein østlandsturné. Gå til oppdatert konsertliste i menyen over - eller her.

Opningskonsert i Elvefestivalen

Kjell Inge Torgersen og ensemblet Te i Sahara opnar formelt ELVEFESTIVALEN onsdag 8.8 på Nes Kulturhus. Les meir på www.elvefestivalen.no

Prøvar nytt materiale og fluktstol

TV-Vest-logoKjell Inge og Aril Schøld blei intervjua av TV-Vest før konserten i Stavanger konserthus torsdag 5.7. (Innslaget startar om lag 12min30sek ut i sendinga). Deretter konkurrerte dei på kniven om kven som var raskast å setja opp ein fluktstol. Etter Arils første flukt, var dei klåre.. (TV-klippet er no fjerna frå nettsidene deira, men kanskje det dukkar opp seinare.)

På Blinkskuddlista, uke 24/2007

Aks av gull er fortsatt inne på den norske blinkskuddlista, på 10. plass, opplysar Norsk på norsk i NRK. På "VG-lista Topp 30 norsk" har me nå kost oss i heile 13 uker, nå på 29. plass. Me ligg like bak Klassisk Kalvik.

Reprisar på NRK

I mai viste Beat for Beat kavalkade med Kjell Inges "Skjøre". Natt til 21. mai viste NRK óg 30 minutt frå Aks av gull-konserten frå Utstein Kloster. Dei må meine det er verd eit gjensyn. :-)

SVISJ norsk på norsk

Aks av gull er tilgjengeleg som studiovideo på NRK1 på syndagar. Du kan sjå 30 sekund her, og stemma fram heile videoen på tv.

Tredje mest solgte i uke 16/2007

Norsk på norsk opplysar oss om at Aks av gull var den tredje mest solgte norskspråklege cden denne veka. Fabelfantaktig! På VG-lista ligg me på 20. plass på Norsk Topp 30.

TV-NRK1: 1. påskedag 2007, Aks av gull

Etter påskekrimmen 1. påskedag viste NRK1 eit utdrag frå konserten som me gjorde på Utstein Kloster i haust. Senk blodtrykket etter blod og skriking i krimmen med mjuke Aks av gull.

Heile konserten er óg gjeven ut på DVD, sjå oppslag til venstre.

TV-NRK1: Beat for beat, og dei

Les også NRKs omtale

Fredag 30.03.2007 var Kjell Inge Torgersen på lag med Torolf Nordbø for å berre kosesynga og ha det gøy saman med Vivian og Maren på det andre laget.
NRKs omtale | Les meir

2007: heilt framifrå!

Det ser ikkje ut til at interessa for Aks av gull legg seg. Kjell Inge har nettopp vore ein tur i hovudstaden og sunge både for Seadrill - og i Beat for Beat... :-) I løpet av våren vil du kunne sjå han på sjarmant på skjermen.

NRKs Store Julekonsert

Sjølvaste julafta sendar NRK på nytt opptaket frå Frelsesarmeens julekonsert i Oslo konserthus. Kjell Inge er stolt over at han fekk delta med "Aks av gull" i den tradisjonsrike konserten. TV-opptaket blei óg sendt 9. desember. Les meir

Stavanger 2008: julekultur

Søndag 17.12 er Kjell Inge Torgersen & Te i Sahara lukeinnhaldet for dagen med ein brunsjkonsert på Tou Scene kl. 1230 saman med forfattarar som les frå sine verk. Les meir hos Stavanger 2008.

2006: Tønsberg likar nynorsk

Etter konserten i Tønsberg 7.12 skriv Tønsberg blad: "Det er variert og stemningsfullt - og gjennomført norsk." Les meir

2006: Utstein-konsert i P1-scenen

1. og 15. desember kan du høyra til saman to halvpartar av konserten Kjell Inge & Te i Sahara haldt i eit fullstappa Utstein Kloster 20.10.06. Les meir

2006: Konsertar: Sandefjord, Nøtterøy og Stavanger

6. og 7. desember dreg Kjell Inge & Te i Sahara på en mini-turne til østlandet. 10. desember spelar dei i Stavanger konserthus. Les meir

2006: Singel: Eg brenn etter deg!

8. november '06 blei ny singel sloppe til alle norske radiostasjonar. Lyst å sjå promoutsendinga?

2006: Litteraturdagar

Ragnar Hovland, Per Inge Torkelsen, Frank Aarebrot, Erling Lægreid, Anne Marit Godal - og Kjell Inge Torgersen. Alle kjem til Nynorske Litteraturdagar. Les meir

2006: NRK tv- og radiokonsert

Me er tilbake der me starta. 20. oktober i Utstein Kloster skal NRK ta opp ein heil konsert med Kjell Inge Torgersen og ensemblet Te i Sahara på Utstein kloster. Konserten blir sendt i P1-scenen og på NRK Rog24 før jul. Du er sjølvsagt velkommen som gjest!
* Billettar: 160,-.
* utstein@online.no
* tlf 51 72 47 05

2006: Konsertar, song for fredsprisvinnar, og meir til

18.10 spelar Kjell Inge og Te i Sahara i Oslo Konserthus under arrangementet "Stavanger i Oslo".

Kjell Inge song mandag 11.9 for Wengari Maathai, Fredsprisvinnar 2004 — eit ærefullt oppdrag.

Her kan du lesa meir om kommande konsertar

2006: Aks av gull — ein hit!

Andre uke etter lansering begynte butikkane å rapportera om utsolgte hyller! Les meir

2006: Nifst med anmeldingar

- men fantastisk å sjå, når dei nå kjem sakte, men sikkert inn! Les meir

2006: Djupdykk i Musikknytt

I eit 8-minutters intervju teikna og fortalde Kjell Inge ganske grundig om Aks av gull-prosjektet i P1s Musikknytt.
Les - og høyr - meir

2006: "Under Lupen" på NRK P1

"9 av 10 for mot!" Slik innleia Per Ole Hagen (musikksjef NRK P1) si gjennomgang av heile albumet i Norsk på Norsk, fredag 11.8.2006.
Les meir

Last ned video!

Videopresentasjon av Aks av gull-prosjektetdaWorks har laga ein kort video-dokumentar av Aks av gull-prosjektet. Last ned!

Les meir

2006: "Blurbing"?

Musikknytt i NRK P1 7.8.06 handla i all hovudsak om Aks av gull! Me er frekke nok til å få andre til å uttala seg om albumet før det er gjeve ut, og slikt lar ikkje NRK gå hen utan vidare.
Les meir

2006: 7 veker på Norsktoppen!

7 veker cruisa Tidevatn Norsktoppen, opp og ner - i all slags vér.
Les meir

KonsertAr

Gå hit

Svolten pÅ meir?

Send ein e-post til post[a]kjellingetorgersen.no, om du vil ha info om Kjell Inge rett i postboksen. Skriv: "Hei! Send meg info om ting som skjer."

MEDIA

Lyd: Lyst på litt av singelen Skjøre?
Lyd: Lyst på litt av singelen Tidevatn?
Lyd: Lyst på ein lytt på ein miks av "Aks av gull" + "Tidevatn" + "Eg brenn etter deg"?

Video: Lyst på 30 sekunder av gull?
Video: Lyst på ein presentasjonsvideo? (58 Mb, m4v: Quicktime / iPod)

Bilde: Lyst på ein kikk inn i innspelinga?

 

BOOKING

Lyst på booking?
Ta kontakt med Kjell Inge Torgersen på e-post

SAGT

Logo, nøtterøy kulturhusEinar M. Schistad, Kulturhusleder Nøtterøy kulturhus:
"Kjære Kjell Inge & Te i Sahara! Tusen takk for den sterke og gode opplevelsen dere ga oss i Nøtterøy Kulturhus. Deres fremføring og sceneutstråling, kombinert med de meget gode gjendiktingene av Stings kjente (og mindre kjente) låter, gjorde at vi som arrangører nok en gang kunne smile. Publikum hadde fått en opplevelse ut over det de forventet, og det at 70% av publikum stod i kø for å sikre seg cd’en etter konserten sier vel sitt! Lykke til videre på reisen i livet… Håper dere finner veien tilbake til oss!"

Håkon Iversen om albumet:
"Jeg ble gang på gang grepet av det jeg hørte. Gåsehud og tårer om hverandre - en deilig følelse."

Ole Paus:
"Dette er vakkert."

Jærnåttå (tidl Jæren Musikkfestival):
2006: "Når vi i år feiret 15-års jubileum, var det med den tyngste artistlisten i Jærnåttås historie. Og som en takk til jærbuen, som i alle år har støttet opp om festivalen og gjort den til sin egen, inviterte vi til gratis åpningskonsert i Storstova på Jæren. Konserten var Kjell Inge Torgersens ”Te i Sahara,” og til tross for årets spennende artistmeny, ble dette en av festivalens største musikkopplevelser."

Omtalar

Stavanger Aftenblad
Vårt Land: Sting på nynorsk
Romerikes Blad: Åpning med Sting

Anmeldingar av cden

Musikkmagasinet "Musiq"

musiq-femkommafem [..] Torgersen har overhodet ikke laget billige og enkle coverversjoner. Det er spennende å lytte til. [..] bringer frem melodienes styrke og melankolien med smale arrangementer [..] Torgersen får fram essensen i Stings musikk, samt gir et sterkt personlig preg på musikken. [..] Vakkert! Anbefales!" (21.08.06)
Gå til Musiq

terningkast 5Trønderavisa

"Resultatet er en ypperlig sammensetting av ord som treffer den opprinnelige teksten svært godt.[..] Dette er ei spennende plate!" (22.08.06)
Gå til Trønderavisa

Varden

terningkast 5"Torgersens tekster er poetiske og bildeskapende. Mannen synger pustfylt, nervefylt og behagende. [..] og har gjort de utvalgte Sting-låtene til sine egne gjennom stemningssterke arrangementer som på ingen måte kopierer originalversjonene. [..] Det kunne ha endt med et gedigent snublefall i klisjéåkeren, men er aldri i nærheten av å miste balansen." (22.08.06)
Gå til Varden

Fredrikstad Blad

terningkast 5"skaper den levende poesien. [..] en plate som vokser for hver eneste gjennomspilling. Noen kopi er det ikke." (22.08.06)
Gå til FB

SA (Sarpsborg Arb.blad)

terningkast 5"La ikke et ukjent navn bli til hinder for å sjekke ut rogalendingen.[..] Lar du det skje, går du nemlig glipp av en aldri så liten opplevelse.[..] Torgersen leverer en svært gjennomarbeidet og kvalitetssterk utgivelse. [..] Ole Paus' ord er treffende og velfortjente! Anbefales! " (16.08.06)
Gå til SA

Rogalands Avis

terningkast 5"...resultatet er forbløffende bra [..] Arrangementene til Aril Schøld er fornuftige og stramme. Det er en kunstform å ikke gjøre skam på opphavet. Torgersen har truffet meget godt." (22.08.06)

Bergensavisen

terningkast 5"For ikke bare er Torgersens tolkninger gjennomført smakfulle, han tilfører også noe av dette materialet en ny dimensjon. Som tidvis er rent vakker." (30.08.06)
Gå til BA

NRK P1 - Norsk på Norsk:

"9 av 10 for mot!" Gode gjendiktninger, godt levert. 7 av 10 totalt. Les meir

Om konsertar

Romerikes Blad om opningskonserten under Elvefestivalen (8.8.2007):
"Allerede etter første sang ble det klappet frisk og entusiastisk i kulturhuset."

Jærbladets anmeldar av konsert:
"Løp og kjøp! Førsteinntrykket av tekstane er imponerande [...] poetisk og vakker nynorsk [...] tekstane var sterke, både språkleg og melodisk. [...] musikken var arrangert enkelt og fint [...] varierte uttrykk."
- Kjell Inge Torgersen og ensemblet "Te i Sahara" opna Jærnåttå fredag 26. mai 2006.

Tønsberg blad 9.12.2006:

"Vellykket og alternativt" - gå til Tønsberg blad

 

daWorks-logo

 

 

 

 

 

Vakker og vill. Ja, himmelen óg.

Kjell Inge Torgersen | post[krøll]kjellingetorgersen.no